Heilongjiang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Heilongjiang er også det kinesiske namnet på elva Amur.
Heilongjiang

provins
Land  Kina
Areal 454 800 km²
Folketal 31 850 088 (1. november 2020)
Kart
Heilongjiang
48° N 129° E
Heilongjiang si plassering i Kina
Heilongjiang si plassering i Kina
Heilongjiang si plassering i Kina
Wikimedia Commons: Heilongjiang

Heilongjiang er ein provins heilt nord i Folkerepublikken Kina. Han dekker ei flatevidd på 460000 km2. Folketalet vart i 2010 berekna til 38,26 millionar. Provinsen grensar til Russland i nord og aust, ved grenseelvane Amur og Ussuri. I vest deler Heilongjiang grense med Indre Mongolia, i sør med provinsen Jilin. Harbin er hovudstad i provinsen.

Frå landsbygda i Shuangyashan i Heilongjiang.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Heilongjiang er ein provins med variert topografi. Mykje av landskapet er dominert av fjellkjeder som Store-Khingan og Litle-Khingan, Zhangguangcai, Laoye, og Wanda Shan. Høgste fjelltoppen, 1 690 m høge Datudingzi, ligg på grensa mot Jilin. Kinas største attverande urskog ligg i Store-Khargan.

I den sentrale delen av provinsen, som er heller flat og lågtliggande, finn ein elvane Muling, Naoli, Songhua, Nen og Mudan Jiang, alle sideelvar til Amur. Grenseområda i nord utgjer ein del av Amurdalen. Innsjøen Khankasjøen ligg ved grensa mot Primorskij kraj i Russland.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Eit fuktig, kontinentalt klima dominerer i provinsen, trass i at områda i det fjerne nord har eit subarktisk klima. Vintrane er lange og bistre, med eit snitt på −31 til −15 °C i januar, medan somrane er korte og varme med eit snitt på 18 til 23 °C i juli. Årleg nedbørsmengd er 400-700 mm, og svært konsentrert til sommartida. Klarver råder gjennom heile året.

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Fleirtalet, 95,2 %, av innbyggarane i Heilongjiang er han-kinesarar. Dei største minoritetsgruppene er mandsjuar med 2,86 %, koreanarar 1,07 %, mongolar 0,39 %, huifolk 0,34 %, daur folk 0,12 %, xibe 0,03 %, samt oroqin, hezhen og russarar.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Det kalde klimaet set grenser for landbruket i Heilongjiang, som er basert på vekstar som soyabønner, mais og kveite. Salsavlingar er raudbetar, lin og solsikker. Dyreavlen i provinsen er konsentrert om hest, storfe og sau. Heilongjiang har størst tal mjølkekyr og den høgste produksjonen av mjølk av alle provinsar i Kina. Statsbruk er vanlegare i Heilongjiang enn i andre kinesiske provinsar. Provinsen er landets største leverandør av trelast. Furu, fremst koreansk furu, og lerk er dei viktigaste treslaga i Heilongjiang. Skogane er for det meste å finne i Daxinganfjella og Xiaoxinganfjella.

Nordaust-Kina har tradisjonelt vore ein base for industrien i landet. Denne industrien var sterkt styrt av statens behov, meir enn lokale, og har hatt vanskar med å omstille seg. Såleis har den økonomiske veksten vore lågare enn i andre delar av Kina. Største industrigreinene er petrokjemi, matvareindustri, utstyrsindustri, energi, legemiddelindustri og treforedling. Oljefelta ved Daqing var lenge den viktigaste petroleumskjelda i Kina, reservane her har minka mykje. Kol, gull, og grafitt er viktige mineral som finst i Heilongjiang. Private investorar er involvert i mange store byggeprosjekt i provinsen.

Heilongjiang er ein viktig innfallsport for handelen med Russland.

Administrasjonseiningar[endre | endre wikiteksten]

Heilongjiang er delt i 13 einingar på prefekturnivå, med éin subprovinsiell by, elleve byprefektur og eitt prefektur:

Kart # Namn Hanzi Pinyin Administrasjonssete
Subprovinsiell by
1 Harbin 哈尔滨市 Hā'ěrbīn Shì Daoli distrikt
Byprefektur
2 Daqing 大庆市 Dàqìng Shì Sartu distrikt
3 Hegang 鹤岗市 Hègǎng Shì Xingshan distrikt
4 Heihe 黑河市 Hēihé Shì Aihui distrikt
5 Jiamusi 佳木斯市 Jiāmùsī Shì Qianjin distrikt
6 Jixi 鸡西市 Jīxī Shì Jiguan distrikt
7 Mudanjiang 牡丹江市 Mǔdānjiāng Shì Aimin distrikt
8 Qiqihar 齐齐哈尔市 Qíqíhā'ěr Shì Longsha distrikt
9 Qitaihe 七台河市 Qītáihé Shì Taoshan distrikt
10 Shuangyashan 双鸭山市 Shuāngyāshān Shì Jianshan distrikt
11 Suihua 绥化市 Suíhuà Shì Beilin distrikt
12 Yichun 伊春市 Yīchūn Shì Yichun District
— Prefektur —
13 Daxing'anling 大兴安岭地区 Dàxīng'ānlǐng Dìqū Jiagedaqi distrikt

Dei tretten einingane er delt i 130 einingar på fylkesnivå (65 distrikt, 19 byfylke, 45 fylke, og eitt autonomt fylke). Desse er i sin tur delt i 1 284 einingar på kommunenivå (473 bykommunar, 400 landkommunar, 58 etniske landkommunar, og 353 subdistrikt).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Samanlikna med sørlegare delar av Kina veit ein lite om dette området i gammal tid, ettersom det låg langt frå sivilisasjonar med utvikla skriftspråk, og ein heller ikkje har mange arkeologiske funn. Kinesiske kjelder fortel at dagens Heilongjiang tidlegare var folkesett av xianbei-, malgal- og khitanfolk. Dei austlege delane låg under kongedømet Balhae frå 600-talet til 900-talet. Jursjenarane (Jin-dynastiet), som etterkvart skulle få makt over mykje av det nordlege Kina, hadde òg noko makt over Heilongjiangområdet.

Under mandsjuane sitt Qing-dynasti fall vestre delen av Heilongjiang under tilsynsområdet for generalen av Heilongjiang, som ifølgje Nertsjinsktraktaten herska over området heilt nord til Stanovojfjella. Austlege Heilongjiang låg under generalen av Jilin, som herska over området heilt aust til Japanhavet. Desse områda djupt inne i Mandsjuria var lukka for innvandring frå han-kinesarar. I 1858 og 1860 blei Qing-Kina tvunge til å avstå alle områda sine på bortsida av elvene Amur og Ussuri til Russland, noko som avskar Kina frå Japanhavet og gav Heilongjiang den noverande nordgrensa si. Samstundes opna regjeringa for hankinesisk innvandring, noko som raskt endra folkesetnaden og kulturen i området. Frå tidleg på 1900-talet var hankinesarane den dominerande folkegruppa der.

I 1932 blei heile området del av den japanske marionettstaten Manchukuo. Etter at japanarane var overvunne i andre verdskrigen i 1945 rykte sovjetiske styrkar inn i Mandsjuria og overlét kontrollen til dei kinesiske kommunistane. Harbin blei den første storbyen kontrollert av kommunistane. Herfrå klarte dei å trenga Kuomintang tilbake på heile det kinesiske fastlandet og vinna den kinesiske borgarkrigen.

Provinsen Heilongjiang dekte berre den vestlege delen av den noverande provinsen frå 1945 til 1954. Hovudstaden var Qiqihar. I 1954 danna han saman med provinsen Hejiang og provinsen Songjiang ein større, samanslått provins. Under Kulturrevolusjonen blei Heilongjiang utvida til også å omfatta Hulunbuir og nokre andre område som inntil då høyrte til den autonome region Indre Mongolia. Dette blei seinare for det meste reversert.

Styresmakter[endre | endre wikiteksten]

Den regionale leiaren i Kinas kommunistparti er Zhang Qingwei. Guvernøren er Wang Wentao (2020).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]