Hastigheit
Hastigheit eller snøggleik er ein storleik definert posisjonsendring delt på tid. Det vil sei at snøggleik skildrar både fart og retning.
I fysikken skil ein mellom hastigheit som er ein vektoriell storleik og fart som er ein skalar storleik. Farten er absoluttverdien til snøggleiken. I daglegtalen nyttar ein vanlegvis hastigheit og fart om ein annan med same tyding.
Eininga til snøggleik er lengd over tid. SI-eininga er m/s, men km/t og knop er òg vanlege i bruk.
Mange symbol vert nytta til å skildre snøggleik, men v og u er vanlegast (feit skrift er trykt notasjon for vektorar.)
Langs ei rett linje er gjennomsnittshastigheit v gjeven ved
der s er tilbakelagt strekning og t er tida det tar. (legg merke til at langs ei rett linje er snøggleik ein skalar.)
Måling av hastigheit[endre | endre wikiteksten]
Hastigheit er ein sentral storleik og kan målast på mange måtar. Nokre metodar finn berre absoluttverdien, medan andre målar både fart og retning.
- Den vanlegaste måten å måle hastigheit på er å ta tida for rørsle mellom to punkter. Målinga er ofte indirekte, slik som speedometer i ein bil som målar omdreiingsfarten på eit hjul eller ein aksling og reknar om til fart på vegen.
- Hastigheitsmåling ved hjelp av radar bruker dopplereffekten til å rekne ut farten.
- I fly vart hastigheit målt som skilnaden mellom dynamisk trykk og statisk trykk. Dette gjev eit uttrykk for strøymingshastigheita til lufta kring flyet.
- I ein ubåt målar ein lineær akselerasjon og rotasjon. Når desse vert målt kontinuerleg kan ein òg rekne seg til hastigheit og posisjon.
Definisjon[endre | endre wikiteksten]
Den matematiske definisjonen av hastigheit er den tidsderiverte til posisjon r(t), dvs.
Vanleg notasjon for tidsderivasjon er òg . Denne definisjonen gjeld òg når snøggleiken sjølv endrar seg med tida. Skrive ut i kartesiske koordinatar er definisjonen
Døme[endre | endre wikiteksten]
Rørsle med konstant hastigheit[endre | endre wikiteksten]
Rørsle med konstant hastigheit v kan skrivast
Sirkelrørsle[endre | endre wikiteksten]
Ei sirkelrørsle med radius r i xy-planet vert skildra ved
der er vinkelhastigheit. Snøggleiken er gjeven ved den tidsderiverte
det vil si jo større , jo større fart.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Hastigheit» frå Wikipedia på bokmål, den 3. mai 2013.