Haugesund lufthamn, Karmøy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Haugesund lufthann, Karmøy

Aeropuerto Haugesund 01.jpg

IATA: HAUICAO: ENHD
Oversyn
Flyplasstype Sivil
Eigar Avinor
Operatør Avinor
Høgd  23,2 moh


Rullebanar
Retning Lengd Banedekke
fot meter
14/32 6758 2060 Asfalt
Statistikk (2009)
Passasjerar 532 352

Haugesund lufthamn, Karmøy (IATA: HAU, ICAO: ENHD) er ein stamflyplass som ligg på Karmøy omtrent midt mellom byane Kopervik og Haugesund i Rogaland fylke.

Flyplassen vart opna i 1975. Han ligg utsett til for vêr, på utsida av Karmøy og med Nordsjøen ved enden av rullebanen. Eventuelle stengingar grunna vêr er oftast på grunn av tåke. Det hindrar ikkje at Haugesund lufthamn, Karmøy er blant dei mest punktlege stamflyplassane i Noreg.

I 2004 hadde Haugesund lufthamn, Karmøy ein regularitet på 98,1 prosent (77 av 4116 planlagte flygingar vart kansellert). Målet på kor punktleg flyselskapet er var oppe i 91,3 prosent (338 av 3893 flygingar var forsinka).

Av de 413 483 passasjerane som reiste over Haugesund lufthamn, Karmøy i 2004 var 334 334 innanlandspassasjerar, og 79 149 utanlands (Ryanair og charter).

Ruter og selskap[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]