Haukeli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Haukeli er eit område vest i Vinje kommune i Telemark fylke og er eit trafikknutepunkt der Rv9 og E134 møtast.

Området er tidlegare òg kalla Haukeligrend, men i 1999 vart namnet tilbakeført til det opphavlege Haukeli.

Turisme[endre | endre wikiteksten]

Haukelifjell ligg 12 km vest for Haukeli og er ein skidestinasjon vinterstid.

Vinje kommune er eigar av den store fjelleigendomen Berunuten Vest, som ligg nord for Songavatn, ca 15 km nord for Haukeli. Denne eigendommen, på ca 90 000 daa, kjøpte Vinje kommune av brukseigar Treschow i 1979. Med dette kjøpet ville kommunen opne ein bit av dei store fjellviddene for bruk til jakt, fiske og friluftsliv for ålmenta. Desse områda var for ein stor del privat- og utanbygdseigde. Sportsfiske, småviltjakt, friluftsliv, delar av storviltjakta samt dei sju hyttene på eigendommen er tilgjengeleg for alle.

Næring[endre | endre wikiteksten]

Områda kring Haukeli er utbygd av vasskraft. Utbygginga starta i 1957 med Haukeli kraftverk og vart sluttført i 1979 då Kjela kraftverk vart sett i drift.

TINE BA har produksjon av chèvre i Haukeli.