Vinje kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vinje kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 0834
Fylke Telemark
Adm.senter Åmot
Areal 3 117 km²
Folketal 3 707 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2007-2015) Arne Vinje (SV)
Målform Nynorsk
Nettstad www.vinje.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 0834.svg
Vinje kommune på Commons

Vinje kommune ligg nordvest i Telemark fylke og grensar i sør til Tokke, i aust til Tinn og Seljord, i nord til Nore og Uvdal i Buskerud og i vest til Bykle i Aust-Agder, Suldal i Rogaland og Odda, Eidfjord og Ullensvang i Hordaland. Med det er han den einaste kommunen i Noreg til å ha grense mot fire fylke. Kommunen har sine noverande grenser frå 1964, då dei tidlegare kommunane Rauland og Vinje vart slegne saman.

Vinje er etter Rendalen den største kommunen i Sør-Noreg i høve flatevidd og han er til dømes større enn Vestfold fylke. Administrasjonssenteret i kommunen er Åmot. Lokalavisa er Vest-Telemark Blad som òg vert gjeven ut i fem andre kommunar.

[endre] Geografi

Fleire dalar strekkjer gjennom Vinje i sør og aust. Kommunen ligg innan Hardangervidda i retning nordvest, det meste av dette som ein del av Hardangervidda nasjonalpark. Kommunen har ein om lag 90 000 daa stor eigedom i nasjonalparken, Berunuten Vest, med seks hytter til bruk for alle som måtte koma forbi. Eigedomen vart kjøpt frå brukseigaren Treschow i Larvik i 1979. Busetnaden i Vinje fylgjer dalane i sør og aust. Folketettleiken er låg, med om lag 1,2 innbyggjarar per km². Åmot i Vinje er administrerande senter i kommunen og er eit knutepunkt der E134, Fv37 og Fv38 kjem saman. Elles er busetnaden spreidd med nokre samlingar kring Krossen i Rauland og Edland/Haukeligrend. Dei næraste byane er Rjukan og Odda.

Opp mot fjellområda finst det fleire større vatn, av desse Møsvatn som er det største vatnet i Telemark. Møsstrond kyrkje er den høgstliggjande kyrkja i Noreg og ligg på øya Hovden i Møsvatn. Det høgste fjellet i Vinje er Vassdalseggi på 1658 moh., som ligg på grensa mot Rogaland. Vassdraga i kommunen, med store vassføringar og ulike høgder, har gjeve føresetnader for mykje kraftutbygging.

[endre] Næringsliv

Bora er ei av mange elvar som er bygd ut for utvinning av vasskraft

Skog- og jordbruk med hald av husdyr er viktige næringar i kommunen. Vinje er den kommunen med flest hytter i Telemark, og ein vel ofte å kombinere jordbruk med gardsturisme og utleige av hytter. Industrien i kommunen er heller liten og femner noko verkstad-, trevare- og møbel- og næringsindustri. Fleire av vassdraga i Vinje er bygde ut, og av desse har fire kraftverk innan kommunen ein produksjon på kring 1,9 TWh i året. Kommunen har i fleire år hatt god økonimi. I 2002 var frie inntekter per innbyggjar 33 478 kr, mot snittet i landet på 24 771 kr. Dette kjem i hovudsak av kraftinntekter frå Tokke-utbygginga på 60- og 70-talet. Innbyggjarane i kommunen nyt framleis godt av dette gjennom låge straumprisar. I tillegg er store fjellområde mot Hardangervidda utbygde av dampprosjekt som Songavatn og Møsvatn.

Den største arbeidsgjevaren i Vinje er kommunen, og attføringssenteret i Rauland er den største private arbeidsgjevaren. 39,4% av dei sysselsette jobbar i offentleg administrasjon. Skular i kommunen er Edland skule, Rauland skule, Vinje oppvekstsenter, Øyfjell oppvekstsenter, Åmot skule. Av andre viktige arbeidsgjevarar kan nemnast Qmatec Drilling.

[endre] Samferdsle

Europaveg 134 ved Haukeliseter

Nokre viktige vegar passerer gjennom kommunen, av desse E 134 frå Drammen til Haugesund, som er det sentrale sambandet mellom Vest- og Austlandet sør for Hardangervidda. Vegen fylgjer dalføret til Vinjeåi frå Åmot i retning nordvest. Rv9 tek av frå Haukeli til Kristiansand. Frå Åmot tek Fv37 av nord mot Rauland-Rjukan og Fv38 sør mot Dalen-Vrådal.

[endre] Kultur

Krossen er sentrum i Rauland med Raulandshuset og Rauland kunstmuseum som har samla arbeida til Dyre Vaa og Knut Skinnarland i to galleri. På Plassen i grenda Vinje stend Vinjestoga, som er barndomsheimen til Aasmund Olavsson Vinje. Like attmed er det reist eit monument til minne om forfattaren, og i Åmot finn ein to monument av Halldis Moren Vesaas og Tarjei Vesaas. I Smørklepp er fleire verk av Henrik Sørensen og Harald Kihle samla i Vinje biletgalleri. Litteraturdagane i Vinje vert skipa september årleg. Skistadene Rauland og Haukeli skisenter ligg innan kommunen og trekkjer til seg turistar vinterstid kvart år.

[endre] Kommunenamn og -våpen

Namnet Vinje stammar frå norrønt vin, som tyder eng. Ein person frå Vinje vert gjerne kalla ei vinbyggje (f), ein vinbygge (m) eller fellesnemninga vinbygg.

Kommunevåpenet vart godkjent ved kongeleg resolusjon den 16. november 1990. Motivet er på blå botn ein sølv geitebukk og stend som symbol for geitehald og høgfjellsnatur.

[endre] Kjente personar frå Vinje

Aasmund Olavsson Vinje

[endre] Kjelder

[endre] Fotnotar

[endre] Bakgrunnsstoff

Koordinatar: 59°34′9.3″N 7°59′20.3″E

Personlege verktøy
Namnerom
Variantar
Handlingar
Navigering
Skriv ut / eksporter
Verktøy
På andre språk