Telemark fylke

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Telemark» omdirigerer hit. For skiteknikken, sjå telemarkskøyring.
Telemark fylke
Våpen Kart
Adm.senter Skien
Areal 15 299 km²
Folkemengd 170 902 (1. januar 2013)
Folketettleik 12,3 /km²
Nettstad www.telemark.no
Politikk
Fylkesordførar Terje Riis Johansen, Sp (2011)
Fylkesmann Kari Nordheim-Larsen
Målform Nøytral
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling Telemark fylke.svg
Telemark fylke på Commons

Telemark fylke er eitt av 19 fylke i Noreg, som grensar til Vestfold i søraust, Buskerud i nordaust, Aust-Agder i sørvest, og Rogaland og Hordaland i nordvest.

Fylket dannar på fleire måtar ein overgang frå Austlandet til Sør- og Vestlandet, både geografisk, topografisk, kulturhistorisk og språkleg. Telemark kan delast inn i fire regionar: Kragerøregionen Vestmar, Vest-Telemark, Aust-Telemark og Grenland (Skien- og Porsgrunnregionen). Skien er administrasjonssenter og den største av sju andre byar i fylket.

Fylkesvåpenet blei godkjent i 1970 og har på gull botn ei oppveksande svart bondestridsøks. Dette skal symbolisere vern og vørdnad. Fylkesblomen til Telemark er systermarihand, fylkessteinen er brynestein og fylkesfuglen er linerle.

Samferdsel[endre | endre wikiteksten]

I Telemark var vassdraga den viktigaste ferdselsåra rundt 1900. Vassdraget frå Skien til Notodden blei kanalisert i 1861, og til Dalen i 1892. Dette følgde til vegbygging mellom anløpsstadene til kanalbåtane og dei nærliggjande bygdene. No til dags har vassdraga og kanalane berre nytte for turisttrafikken sommarstid. E 18 er hovudvegsambandet for dei sørlege delane av fylket, i Grenlandsområdet. E 134 er det viktigaste vegsambandet i dei indre delane av fylket over Notodden, Seljord, Vinje og Haukelifjell. Riksveg 36 som går frå Eidanger til Seljord bind E 18 og E 134 saman, og fungerer som hovudveg frå nordlege delar av Telemark til Grenlandsområdet. Viktige vegar elles er Riksveg 37 frå Kongsberg over Rjukan til Vinje, Riksveg 38 frå Kragerø gjennom Drangedal og Vrådal til Dalen og Riksveg 41 frå Brunkeberg i Kviteseid gjennom Nissedal til Arendal. Om sommaren er det samband frå E 134 i Høydalsmo gjennom Dalen vestover om Setesdal og Sirdal til Stavanger. Til saman har Telemark 4103 km offentlege vegar.

Første jernbane i Telemark blei opna i 1882 på vegstykket Larvik-Eidanger-Skien. Sørlandsbanen som blei bygd 1920-27, går gjennom Telemark frå Meheia, gjennom Sauherad, , Lunde og Drangedal til Aust-Agder. Ei sidelinje går nordover til Notodden og Tinnoset og sørover til Skien. Skien og Porsgrunn har sitt hovudsamband med Oslo om Vestfoldbanen. Lokaltogsambandet går Porsgrunn-Skien-Nordagutu-Notodden. Telemark har flyplassar i Skien, Notodden og Fyresdal.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Telemark har ei kort kystripe, og her og i låglandet kring Langesundsfjorden strøymer det ofte inn havluft mot områda kring nedre del av Skiensvassdraget. Dei indre, lågare områda vert ikjke like påverka av denne lufta, men dei store innsjøane her medverkar til å dempe og forseinke vinterkulda. Den kaldaste månaden er januar og temperaturen varierer då frå kring–2 °C ved kysten til kring –8 °C i indre strøk. Gaustatoppen har –12 °C. Den lågaste målte minimumstemperaturen er kring –25 °C ved kysten og under –35 °C i enkelte indre strøk. Middel for juli er 16–17 °C i låglandet og i dalane, og søkk til kring med kring 0.7 grader per 100 meter oppover i høgda. Den høgaste målte temperaturen er kring 30 °C ved kysten, og opp til kring 33 °C i indre strøk.

Årsnedbøren er jamnt over 800–1200 mm, litt mindre i indre, lågare strøk, og til dels ein god del meir i fjellområda. I innlandet kjem det mest nedbør om sommaren, medan det ved kysten kjem mest om hausten.

Retninga til dalføra og skjerminga til fjella gjer at det forholdsvis lite vind. Sterke vestlege luftstraumar kan derimot slå ned innimellom og verte forsterka av innsnevringar i dalane. Ved Tinnsjøen har tog blåst av sporet i samband med stormbyer gjennom Vestfjorddalen. Ved kysten bles det oftast frå sørvest om sommaren og frå nordaust om vinteren. Ein sjeldan gong kan pålandsvind av storm styrke føre til store skadar på grunn av opprørt hav og høg vasstand. Det er forholdsvis ofte tåke og tåkedis i Grenlandsområdet, om lag 5 % av året. Den store vassføringa i elva vinterstid fører til at det vert danna is på sjøen frå Langesundfjorden og vestover.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Namnet Telemark (Þelamørk) var opphavleg berre knytt til om lag dei områda som idag kallast Aust-Telemark og Vest-Telemark. I dansketida blei namnet skrive i bunden form, Telemarken, men då namnet blei teke i bruk som fylkesnamn blei den ubundne forma Telemark etablert.

Bygdene nedanfor Þelamørk heitte Grenland, mens bygdene nærmast kysten nemndest Grenmar og Vestmar. Grenland femna såleis opphavleg ikkje om kyststripa, slik det gjør i moderne språkbruk, og det er uvisst om det nokosinne har gjort det i historisk tid.

Þelamørk sokna ikkje til noko særleg lagdøme, til skilnad frå mesteparten av Noreg, mens Grenland, Grenmar og Vestmar høyrde til Borgartingslagen. Þelamørk hadde også ei anna form av skattbetaling enn dei sørlegare bygdene, og på slutten av mellomalderen bruktest derfor òg nemningane Skattlandet i nord og Tiendtaket i sør.

Frå og med 1200-talet har noverande Telemark vore samla i ei eining: Fyrst Skiensyssel, seinare Bratsberg len, frå 1661 Bratsberg amt og frå 1919 det noverande namnet Telemark fylke.

Utviding av namnet Telemark[endre | endre wikiteksten]

Grenland omfatta opphavleg Lindheim skipreide og Volufors (Ulefoss) skipreide, eller etter noverande kommuneindeling: , Sauherad, Notodden (unnateke Lisleherad og Gransherad sokn), Nome (unnatake gamle Flåbygd sokn), Drangedal (unnateke Tørdal sokn), og vestre delen av Skien).

sorenskrivarembetet blei innført i Norge i 1591 blei Grenland ein embetskrins, men krinsen fekk det då nykonstruerte namnet Nedre Telemarken, sjølv om det var historisk misvisande. Namnet Grenland gjekk innan eit århundre i gløymeboka, samstundes som nemninga Telemarken såleis fekk ei utvida tyding. Nedre Telemarken blei i 1843 også namn på eit fogderi, nedlagt i 1898,[2] og eit prosti, nedlagt i 2006,[3], tilsvarande omtrent det same området.

I byrjinga av 1900-talet gjennomgjekk stadnamna i Noreg ei fornorsking. Dei gamle amta skulle skiftast ut med fylke, og helst få meir historisk forankra namn. Bratsbergs amt fekk det noverande namnet Telemark fylke. (Namnforslaget Telemark og Grenland fylke blei vraka - dobbeltnamn var ikkje ønskelege.) Med det nye fylkesnamnet fekk Telemarks-namnet sin noverande og endå meir utvida tyding.

Domssoknet til sorenskrivaren på Gvarv beheldt namnet frå 1593 (seinare med den ubundne forma Nedre Telemark), sjølv om grensene blei justerte nokre gonger, til domstolen blei nedlagd i 2007. Domssoknet blei oppløyst og lagt til nabodomstolane i Seljord (Vest-Telemark tingrett), Notodden (Aust-Telemark tingrett) og Skien. Sistnemnde domstol fekk arve namnet Nedre Telemark tingrett, sjølv om det berre var Nome kommune som følgde med frå det gamle domssoknet med same namn.[4]

Seint på 1900-talet har omgrepet Midt-Telemark blitt etablert på kommunane Bø, Sauherad og Nome, som ligg nokolunde midt i Telemark fylke. Det er såleis å merke seg at omtrent det same område på same tid har vore kalla både Nedre Telemark og Midt-Telemark.

Administrasjon[endre | endre wikiteksten]

Skien er sete for fylkesmannen og administrasjonen i fylkeskommunen. Telemark har 18 kommunar og femner fem prosti med 30 prestegjeld og 63 sokn, vidare fem tingrettsdistrikt og eitt politidistrikt med 17 lensmanns- og politistasjonsdistrikt.

Kommunar[endre | endre wikiteksten]

Nr. Namn Adm.senter Folkemengd Flatevidd km² Målform Distrikt
0805 Porsgrunn kommune Porsgrunn Porsgrunn 000000000035392.000000000035 392 000000000000165.0000000000165 Nøytral Grenland
0806 Skien kommune Skien Skien 000000000053015.000000000053 015 000000000000779.0000000000779 Nøytral Grenland
0807 Notodden kommune Notodden Notodden 000000000012497.000000000012 497 000000000000919.0000000000919 Nøytral Aust-Telemark
0811 Siljan kommune Siljan Siljan 000000000002426.00000000002 426 000000000000214.0000000000214 Nøytral Grenland
0814 Bamble kommune Bamble Langesund 000000000014129.000000000014 129 000000000000304.0000000000304 Nøytral Grenland
0815 Kragerø kommune Kragerø Kragerø 000000000010700.000000000010 700 000000000000305.0000000000305 Nøytral Vestmar
0817 Drangedal kommune Drangedal Prestestranda 000000000004139.00000000004 139 000000000001063.00000000001 063 Nøytral Vestmar
0819 Nome kommune Nome Ulefoss 000000000006625.00000000006 625 000000000000430.0000000000430 Nøytral Midt-Telemark
0821 Bø kommune Bø i Telemark 000000000005791.00000000005 791 000000000000263.0000000000263 Nynorsk Midt-Telemark
0822 Sauherad kommune Sauherad Akkerhaugen 000000000004369.00000000004 369 000000000000321.0000000000321 Nøytral Midt-Telemark
0826 Tinn kommune Tinn Rjukan 000000000005973.00000000005 973 000000000002045.00000000002 045 Nøytral Aust-Telemark
0827 Hjartdal kommune Hjartdal Sauland 000000000001609.00000000001 609 000000000000792.0000000000792 Nynorsk Aust-Telemark
0828 Seljord kommune Seljord Seljord 000000000002945.00000000002 945 000000000000715.0000000000715 Nynorsk Vest-Telemark
0829 Kviteseid kommune Kviteseid Kviteseid 000000000002507.00000000002 507 000000000000708.0000000000708 Nynorsk Vest-Telemark
0830 Nissedal kommune Nissedal Treungen 000000000001430.00000000001 430 000000000000905.0000000000905 Nynorsk Vest-Telemark
0831 Fyresdal kommune Fyresdal Fyresdal 000000000001350.00000000001 350 000000000001281.00000000001 281 Nynorsk Vest-Telemark
0833 Tokke kommune Tokke Dalen 000000000002284.00000000002 284 000000000000984.0000000000984 Nynorsk Vest-Telemark
0834 Vinje kommune Vinje Åmot 000000000003721.00000000003 721 000000000003106.00000000003 106 Nynorsk Vest-Telemark
Totalt Telemark våpen.svg Telemark Skien 000000000170902.0000000000170 902 000000000015299.000000000015 299 Nøytral Telemark

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Vertikale strekar markerer grenseendringar. Kjelde: SSB
  2. Arkivverket
  3. Arkivverket
  4. Arkivverket

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]