Havåborfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Havåborfamilien
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Strålefinnefiskar Actinopterygii
Klasse: Actinopteri
Underklasse: Neopterygii
Infraklasse: Ekte beinfiskar Teleostei
Orden: Piggfinnefiskar Perciformes
Underorden: Percoidei
Familie: Havåborfamilien Serranidae
Richardson, 1844

Havåborfamilien (Serranidae) er ein stor familie piggfinnefisk med over 400 artar i tropiske og tempererte hav over heile verda. Dei fleste artane er store rovfisk på grunt vatn i havet, men somme artar kan òg gå opp i ferskvatn.

Paralabrax clathratus

Familien har fått det norske namnet sitt etter havåbor, Dicentrarchus labrax. Denne arten er relativt vanleg langs kysten av Sør-Noreg, men vert ikkje lenger rekna til familien.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Havåborfamilien omfattar åborforma fisk som er kjenneteikna av eit sett på tre piggar på gjellelokka sine. Dei er kraftig bygd, med stort hovud og lateralt samanpressa kropp. Dei har to ryggfinnar, den første er utstyrt med harde og sterke piggar og har ofte taggar. Sidelinja er lang og samanhengande, bortsett frå hjå ein art som manglar ho heilt.

Fiskane varierer i storleik frå 11 cm (Serranus subligarius) til nesten 3 meter (Epinephelus itajara). Dei fleste artane har ulikt kjønn på ulike stadium av livet, somme er òg reine hermafrodittar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Gjøsæter, Jakob: «Piggfinnefisker» i Norges Dyr - Fiskene 2 Cappelen 1992
  • Fishbase