Piggfinnefisk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Piggfinnefisk


Pseudotrpheus saulosi
Kikliden Pseudotropheus saulosi

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Underrekkje: Vertebrata
Klasse: Actinopterygii
Underklasse: Neopterygii
Infraklasse: Teleostei
Orden: Perciformes
Vitskapleg namn
Perciformes
Gråsteinbit
Gul åbor

Piggfinnefisk er ein orden beinfisk som omfattar over 7000 artar; rundt 40 % av alle fisk me kjenner til. 2000 av desse lever i ferskvatn, m.a. åbor og dei fleste ciclidar. Elles heldt mesteparten av medlemmane i gruppa til i kystnært saltvatn. Gruppa er mellom dei yngste beinfiskane, og dukka opp i krittida. Det er usemje om systematikken innad i ho.

Namnet sitt har piggfinnefiskane fått på grunn av dei spisse finnestrålene mange av dei har fremst på rygg- og gattfinnane sine. Det er som regel to ryggfinnar. Bukfinnane består vanlegvis av ein pigg og opp til fem mjuke finnestråler. Brystfinnane sit vanlegvis på sida av fisken, bak gjellene. Feittfinnar har dei ikkje.

29 familier er registrerte i norske farvatn:

Kjelder og referansar[endre | endre wikiteksten]

  • Gjøsæter, Jacob: «Piggfinnefisker» i Norges dyr (Cappelen 1992)
  • Moen, Frank Emil & Svensen, Erling (2003): Dyreliv i havet - nordeuropeisk marin fauna
  • Perciformes på FishBase