Havoverflatetemperatur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Årleg midla havoverflatetemperatur for verdshava. Data henta frå Verdshavsatlas 2001.

Havoverflatetemperatur (òg kalla SST etter «Sea surface temperature» på engelsk) er temperaturen i vassoverflata. I praksis vil tydinga av overflata variere litt etter kva målemetode som er brukt.

Måle SST[endre | endre wikiteksten]

Forskjellige måleteknikkar av SST kan av og til gje forskjellige resultat. Dei tidlegaste teknikkane gjekk ut på å sette eit termometer i ei bøtte med vatn ein hadde tatt opp frå sjøen. Dei første automatiske teknikkane gjekk ut på å måle temperaturen i vatnet som blei tatt om bord på store skip. Desse målingane er derimot inkonsistente, sidan vatnet som blir pumpa inn blir teke frå forskjellige djup frå båt til båt og kan òg variere etter kor tungt eit skip er lasta.

Dei mest eksakte målemetodane er nok målingar frå stasjonære bøyer der målingane vert tatt om lag 1 m under havoverflata. Det finst òg mange bøyer som driv rundt med havstraumane, og desse målingane blir sendt opp til satellittar for vidare distribusjon. Data frå desse drivande bøyene kan derimot vere noko uåplitelege. Særleg i Stillehavet er det plassert ut mange bøyer for å studere og varsle El Niño-fenomenet.

Satellittar blir derimot meir og meir brukt til å måle havoverflatetemperaturen, sidan dei kan måle temperaturen over store område. Satellittane måler varmestrålinga, som er den infraraude delen av det elektromagnetiske spekteret, frå overflata. Bølgjelengdene dei målar er valt empirisk, og er bølgjelengder som kan gå gjennom atmosfæren utan å bli absorbert (med mindre det er skyer), og som har maksimal svart lekamstråling. Problemet med satellittmålingar er derimot at dei berre måler det øvste 10 mikrometer tjukke laget av overflata, og vil kanskje ikkje representere den «verkelege» havoverflatetemperaturen i det øvste metertjukke laget. Sidan satellittane ikkje kan måle gjennom skyer, vil temperaturen som vert målt alltid vere i fint vêr. Fordelane med å kunne måle temperaturen over så store område som satellittar kan, er derimot mykje større enn bakdelane.

SST og tropiske syklonar[endre | endre wikiteksten]

SST over 26,5 °C er rekna for å vere ideelle temperaturar for å danne tropiske syklonar, og som regel får ein kraftigare syklonar jo høgare havoverflatetemperaturen er. Det er derimot fleire faktorar som skal til for å danne tropiske syklonar.

Ein tropisk syklon tar til seg så pass mykje varme og rører om overflatelaget i havet så pass mykje at havoverflatetemperaturen ofte er lågare enn i omgivnadane etter at ein tropisk syklon har passert. Dette kan av og til hindre at nye tropiske syklonar oppstår.

Endringar i SST kan vere viktig for livet i havet. Organismar som plankton, sjøgras, skaldyr, fisk og pattedyr kan alle verte påverka av slike endringar, men ein har enno ikkje full oversikt over kor stor rolle slike endringar spelar.