Heidrun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Heidrun i eit islandsk manuskript frå 1700-talet.

Heidrun (norrønt Heiðrún) er ei geit i norrøn mytologi. Heidrun beitar på taket av Valhall saman med hjorten Eiktyrne, frå greinene av treet Lærad (kanskje det same som Yggdrasil).

Heidrun forsyner einherjane i Valhall med mjød. Denne sprutar frå juret hennar ned i eit stort drikkekar som står i hallen, og mengda er stor nok til å gjera alle einherjane fulle.

Geita har gjeve namnet til det norske Heidrunfeltet.