Mjød

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mjød på flaske og glas

Mjød er ein drykk som inneheld alkohol, og vert brygga av honning, vatn og gjær. Mjød får alkoholinnhald gjennom gjæring. I tillegg til dette kan ein tilsetja ulike krydder, til dømes Humle (Humulus lupulus), eller malt. Drykken har vanlegvis ikkje vorte krydra med Mjødurt (Filipendula ulmaria). Humle forlengjer haldbartida til drykken. Ein har funne spor av mjød frå den eldre bronsealderen. Vikingane nytta mjød mest ved festlege høve, om kvardagane drakk ein øl.

Mjød vert mange gonger skildra som «ein drykk for gudar». I soger knytte til norrøn mytologi vert det ofte drege fram at gudar drikk mjød.

Mjød har vore spesielt populært nord i Europa der ein ikkje kunne dyrka druer til å laga vin av.