Yggdrasil

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Yggdrasil med dei ulike dyra som lever i treet. Biletet er frå det islandske manuskriptet «AM 738 4to» frå 1600-talet, som er i Stofnun Árna Magnússonar á Íslandi si eige.

Yggdrasil er i norrøn mytologi namn på verdstreet eller livstreet i midten av verda. Yggdrasil er eit asketre. Trekrona er alltid grøn, og går heilt opp til himmelen. Eddakvadet Grimnesmål fortel at treet har tre røter. Den eine rota går til det underjordiske dødsriket Helheim og skuggeriket Nivlheim. Draken eller ormen Nidhogg skadar der rota. Den andre rota går gjennom Midgard til Mime sin brunn og derifrå heilt til Jotunheim. Den tredje passerer gjennom Åsgard til Urd sin brunn. Urd er ei av dei tre nornene som vatnar treet slik at det alltid er grønt. Så seier Voluspå.

I Yggdrasil si trekrone lever fire hjortar, som et av blada på treet. Hjortane heiter Dain, Dvalin, Dunør og Duratro. Morgondogga samlar seg i gevira deira og renn av for å verta verdselvane.

I toppen av treet sit ei ørn. På nebbet til ørna sit ein hauk og skodar ut over verda. Eit lite ekorn, Ratatosk, piler opp og ned trestamma. Ekornet får med seg nyhende frå røtene til toppen. Andre vegen fører Ratatosk med seg ørna sine ord til draken Nidhogg.

Ved Ragnarok jamrar og skjelv heile det eldgamle treet. Nidhogg lukkast med å gnaga over rota til treet.

Snorre Sturlason seier i si den yngre Edda at gudane samlast til doms ved Yggdrasil kvar dag.

Ordet Yggdrasil skal tyda Ygg sin hest. Ygg er eitt av dei mange namna til Odin.

Yggdrasil skal vera det treet som Odin hang frå i ni døgn for å få visdom.

I Håvamål vert det fortalt at Odin såra seg sjølv med sitt eige spyd. På eit vis ofra han seg sjølv til seg sjølv.

Eg veit at eg hekk
på vindalt tre
netter heile nie,
med geir-odd såra
og gjeven Odin,
gjeven sjølv til meg sjølv
oppå det treet
som ingen veit
kvar det av rotom renn.
Ikkje brød dei bar meg, og brygg ikkje;
ned eg nidstirde, tok opp runer,
ropande tok dei,
ned att frå der eg fall.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]