Heinrich Wilhelm Olbers

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Heinrich Wilhelm Olbers

Heinrich Wilhelm Matthäus Olbers (11. oktober 17582. mars 1840) var ein tysk astronom, fysikar og lege. Han vart fødd og døydde i Arbergen i Bremen. Han har fått Olbers' paradoks oppkalla etter seg, så vel som asteroiden 1002 Olbersia og kometen 13P/Olbers.

Olbers oppdaga sjølv to asteroidar. Den første såg han 28. mars 1802, og gav han namnet Pallas. Den andre oppdaga han den 29. mars 1807, og gav Carl Friedrich Gauss æra av å namngje denne - Vesta.

6. mars 1815 oppdaga Olbers så ein periodisk komet som har fått namn etter han. Det formelle namnet til denne er 13P/Olbers.