Heinz Kuttin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Heinz Kuttin (fødd 5. januar 1971) er ein austerriksk, tidlegare skihoppar frå Gassen i Kärnten. Han vart verdsmeister i normalbakken under Ski-VM 1991, der han også vann eit VM-gull med Austerrike sitt lag i laghopp.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Kuttin debuterte i verdscupen som 16-åring, og kom på ein fin åttandeplass. Han deltok i OL 1988 i Calgary og vart nummer seks og beste austerrikar i normalbakken. I VM 1989 i Lahti tok han bronsemedaljen i normalbakken.

To år seinare, under VM 1991 vart han verdsmeister i normalbakken med 222,9 poeng, 0,9 framom sølvvinnaren Kent Johanssen frå Noreg. Tidlegare i same meisterskapen vann han også VM-gull i lagtevlinga, dei andre på Austerrike sitt lag var Ernst Vettori, Andreas Felder og Stefan Horngacher.

Under OL 1992 i Albertville fekk Kuttin bronsemedaljen i storbakken og ein sølvmedalje i lagtevlinga. Både under Ski-VM 1993 i Falun og under OL på Lillehammer vart det bronsemedaljar på Austerrike i laghopp, Kuttin var på laget begge gongane.

Kuttin vann to verdscuprenn, begge i Granåsen i Trondheim (1991 og -92), og kleiv på pallen etter tolv verdscuprenn (2-6-4). Dessutan var han med å vinne to lagtevlingar i verdscupen. Han la opp som aktiv i 1995.

Verdscupsigrar[endre | endre wikiteksten]

Dato Stad Land
13. mars 1991 Trondheim Noreg
8. mars 1992 Trondheim Noreg

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]