Helgeandsholmen
Helgeandsholmen er ei øy i Norrström i Stockholm. Helgeandsholmen tilhøyrer bydelen Gamla stan.
Helgeandsholmen med den avlange forma si har oppstått dels gjennom landheving, dels gjennom langvarige utfyllingsarbeid. I dag kan ein ikkje sjå nokre spor av den opphavlege forma, som i mellomalderen utgjorde tre holmar i Norrström. På slutten av 1200-talet vart Helgeandshuset – Huset til den heilage anden – på holmane. Det var den første heimen i byen for fattige og sjuke. Huset innehaldt sjukehus, kapell og kyrkjegard.
På dronning Kristina si tid fekk Helgeandsholmen ein meir standsmessig utsjånad. I 1647 vart det bygd ein stor hoffstall til Karl XI. Her stod det 200 hestar i ein bygning som òg inneheldt ri- og vognhus. Hoffstallen vart ståande til slutten av 1800-talet, då ein byrja å heve holmen. I perioden 1897–1905 vart Riksdagshuset bygd, og før dette Riksbanken. Riksgatan skil bygningane frå kvarandre. Etter ei ombygging i 1978–1983 held Sveriges riksdag til i begge husa.
Ved om- og påbyggingsarbeidane gjorde ein rike arkeologiske funn, og desse, og dessutan mange andre funn frå mellomalderen er i dag utstilt på Stockholms medeltidsmuseum, som òg ligg på Helgeandsholmen, med inngang frå den vesle Strömparterren, aust for Norrbro.
Sjå òg [endre]
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Helgeandsholmen» frå Wikipedia på bokmål, den 6. april 2012.