Helin
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Helin | |
|---|---|
|
|
|
| Stad | Vestre Slidre, Vang (Oppland) |
| Koordinatar | Koordinatar: |
| Overflateareal | 9,47 km² |
| Vassvolum | 18,6 millionar m³ |
| Kystlengd1 | 27,17 km |
| Høgd over havet | 870 m |
| 1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen. | |
Helin er ein innsjø som ligg i kommunane Vestre Slidre og Vang i Oppland. Innsjøen vart regulert i samband med utbygginga av Åbjøra kraftverk, og vasspegelen kan regulerast med opptil 2 meter. Helin er ein vindeksponert klarvassjø med ein nokså rik botnvegetasjon, mellom anna kransalgar heilt ned til 15 meters djup. Denne vegetasjonen gjev ein høg produksjon av botndyr.
I 1930 vart eit 35 km² stort område mellom Helin og Syndinvatna i aust freda som botanisk plantenasjonalpark. I skiferura under fjellet Gila og langs Helin veks fleire sjeldne planter, mellom anna urvalmue (Papaver relictum). Elles er Helin er omgjeve av bjørkeskog.
Helin er verna i samsvar med Verneplan I for vassdrag.