Hella Wuolijoki
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hella Maria Murrik Wuolijoki (22. juni 1886–2. februar 1954) var ein finsk forfattar og politikar. Ho var fødd i Estland, men flytta til Helsinki i 1904.
I 1920- og 1930-åra var ho ein av dei leiande politikarane på den venstresosialistiske sida og ho var medlem av Riksdagen frå 1946 til 1948. Frå 1945 til 1949 var ho kringkastingssjef.
Som forfattar skreiv Wuolijoki om lag 20 naturalistiske skodespel og dei fleste av dei omhandla livet på landet. I tillegg tok ho ofte opp kvinneproblem, mellom anna i Kvinnene på Niskavuori (1936). Ho er mest kjend for Niskavuori-serien som framleis vert spelt og som er filma fleire gonger.
Bertolt Brecht budde hos henne då han var på flukt, og saman skreiv dei Herr Puntila und sein Knecht Matti (1940).
Kjelder[endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «Hella Maria Wuolijoki»
- «Hella Wuolijoki» i Caplex.