Tartu

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Tartu
Tartu Universitet rundt juletider.
Tartu Universitet rundt juletider.
Flagget til Tartu Byvåpenet til Tartu
Flagget til Tartu Byvåpenet til Tartu


Plassering
Tartu is located in Estland
Styresmakter
Land Flag of Estonia.svg Estland
Maakond Tartu maakond
Geografi
Flatevidd
 - By

38,8 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2004)
   - folketettleik

101 297
  2 610,7 /km²
Koordinatar 58°23′0″N 26°43′0″EKoordinatar: 58°23′0″N 26°43′0″E
Tidssone
- Ved sommartid
EET (UTC+2)
EEST (UTC+3)
Diverse annan informasjon
Nettstad: www.tartu.ee

Tartu (svensk tidl. Dorpat) vart grunnlagd rundt år 1030, og er i dag den nest største byen i Estland, med 101 297 innbyggjarar (2004). Byen breier seg over eit område på 38,8 kvadratkilometer, og vert delt av elva Emajõgi som forbind dei to største innsjøane i landet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Arkeologiske funn syner at menneske har budd fast i området minst sidan år 400, men skriftlege kjelder omtalar byen for fyrste gong i 1030, då Jaroslav den Vise, prins av Kiev inntok byen, bygde eit fort og gav det namnet "Yuryev". Herskarar frå Kiev samla inn skattar frå området fram til 1061, då Yuryev brann ned.

Tarbatu fort vart vekselvis okkupert av livonske riddarar og estiske soldatar fram til 1224, då det vart kringsett og til sist slått av tyske krossfararar. Under namnet Dorpat (Tarbatum), vart byen til eit viktig handelssenter under seinmellomalderen, og jamvel hovudstaden i det til dels uavhengige Dorpat Bispedøme.

I 1262 vart Dorpat angripen av hæren til Dmitri av Pereslavl, son av Alexander Necsky, som hærtok og øydela byen, men soldatane klarte ikkje å innta biskopen sitt fort på Toome-åsen. Denne hendinga finn ein nedskriven både i tyske og gamle slaviske skrifter.

Tysk påverknad[endre | endre wikiteksten]

På 1280-talet vart Dorpat medlem av den hanseatiske liga. I mellomalderen vart Tartu ein viktig handelsby, og som i resten av Estland og Latvia hadde tysk og tysk-estisk adel stor innverknad på kultur, religion, arkitektur, utdanning og politikk til langt ut på 1900-talet. Mellom anna er rådhuset og universitetet i byen bygde av tyske handverkarar.

Svensk og polsk herredøme[endre | endre wikiteksten]

På 1500-talet kom både Livonia og Tartu under polsk styre, og ein jesuittisk skule vart grunnlagt i byen i 1583. I tillegg vart det organisert omsetjingsseminar i byen, og Tartu fekk det raude og kvite byflagget sitt frå den polske kong Stefan Bathory.

Både skulen og omsetjingsarbeidet stoppa under den polsk-svenske krigen i 1601, då Tartu med eitt vart svensk i 1629. I 1632 grunnla Kong Gustav II Adolf av Sverige Tartu Universitet.

Russland og Sovjet[endre | endre wikiteksten]

Med Nystadstraktaten i 1721 vart Tartu innlemma i det russiske imperiet, og fekk namnet Derpt. Fleire brannar på 1700-talet øydela store delar av mellomalderarkitekturen, og byen vart gjenoppbygd i gammalbarokkisk og nyklassisk stil. Under den andre halvparten av 1800-talet, under den estiske nasjonalromantiske perioden, var Tartu landet sitt kulturelle senter. Byen var vertskap for Estland sin fyrste songfestival i 1869, sovel som Vanemuine, det fyrste nasjonalteateret i 1870.

I 1893 fekk byen attende det gamle russiske namnet Yuryev, og med obligatorisk russiskundervising byrja universitetet i 1895 å verte russifisert. Det keisarlege russiske universitet vart flytta til Voronezh i 1918, men det estiske Tartu Universitet opna i 1919. Med estisk sjølvstende etter den fyrste verdskrigen fekk byen det estiske namnet Tartu.

Under den russiske borgarkrigen etter fyrste verdskrig inngjekk bolsjevikane og Estland ein fredsavtale den 2. februar 1920 i Tartu. I traktaten stod det at det bolsjevikiske Russland avstod frå alle krav på estisk land i all framtid, men etter Molotov-Ribbentrop-pakta i 1939 invaderte Sovjetunionen landet.

Under andre verdskrig vart store delar av byen, mellom anna den historiske steinbrua Kivisild (bygd av Katrina den andre av Russland i perioden 1776-1778) øydelagd av Den raude arméen. Brua vart delvis øydelagd i 1941, og totalt i 1944.

Etter krigen vart Tartu ein lukka by for utlendingar, grunna Tartu Luftvernsbase som vart bygd nordaust for byen. I dag vert det selt bruktbilar på dei gamle rullebanene.

Under den sovjetiske okkupasjonen voks Tartu frå 57 000 innbyggjarar til rundt 100 000, som eit ledd i sovjetisieringa av landet.

Sjølvstende[endre | endre wikiteksten]

Etter at Estland vart sjølvstendig i 1991 har gamlebyen i Tartu vorte restaurert, og universitetet har i dag utvekslingsstudentar frå alle delar av verda.

Folketal[endre | endre wikiteksten]

I fylgje EU sitt statistikk-kontor består Tartu av 80,1 % estlenderar, 15,8 % russarar, 1,2 % ukrainarar, 1,1 % finnar og 1,8 % av andre etniske einingar.