Helsingfors Dagblad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Helsingfors Dagblad
LandFinland
TypeDagsavis, avis[1]
Grunnlagd1862, 16. November 1861'"`uniq--ref-00000001-qinu`"'
SpråkSvensk[1]
ISSN1458-0802[1]

Helsingfors Dagblad var ei viktig finsk liberal dagsavis som kom ut frå 1862 til 1889. Avisa vart grunnlagd av Otto Reinhold Frenckell, som var den første redaktøren. Andre redaktørar var E. Berg 1863-1864, Robert Lagerborg 1865–1882, Robert Castrén 1882–1883, Anders Herman Chydenius 1883–1887 og Gustaf Lönnbeck 1888–1889. Andre sentrale personar som var involverte i etableringa av avisa var mellom anna Leo Mechelin og Carl Gustaf Estlander.

Avisa hadde ikkje det finske språket som ei viktig kampsak, men tok til orde for å gi det ein konstitusjonell status. Avisa diskuterte forskjellige emne som vart tatt opp i Riksdagen, og tok til orde for å forbetra dei sivile rettane og den økonomiske statusen til kvinner.

Avisa fusjonerte i 1866 med Helsingfors Tidningar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]