Helsingfors universitet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Helsingfors universitets hovudbygning ved Senatstorget.

Helsingfors universitet (på finsk Helsingin yliopisto) er med 38 000 studentar det største universitetet i Finland.

Universitetet er tospråkleg, sjøv om størstedelen av kursa av forståelege grunnar går på finsk. Av studentane er 6,5 % svenskspråklege. For den svenske undervisninga skal det i følgje finsk lov vere minst 27 professorat ved Helsingfors universitet. For akademiska studium på svensk i Finland finst det også heilt svenskspråklege institusjonar, den viktigaste er universitetet Åbo Akademi.

Helsingfors universitet består av elleve fakultet (teologi, jus, medisin, humaniora, matematikk-naturvitskap, atferdsvitskap, statsvitskap, agrikultur-forstvetenskap, veterinærmedisin, farmasi og biovitskap) och ei friståande eining, Svenska social- och kommunalhögskolan. Universitetets bibliotek er Finlands nasjonalbibliotek.

Universitetets historie går attende heilt til 1640, då det vart grunnlagt i Åbo med namnet Kungliga Akademien i Åbo. Dette gjer universitetet til det eldste i Sverige, etter Uppsala og Dorpat (Tarto). Etter at Finland kom inn under Russland fekk universitetet i 1809 det nye namnet Kejserliga akademien i Åbo. Universitetet vart flytta etter keisarleg påbod til Helsingfors i 1828 etter Åbos brann og fekk då namnet Kejserliga Alexanders universitetet i Finland. Etter at Finland hadde vorte sjølvstendig fekk det namnet Helsingfors universitet i 1919.

Universitetets hovudbygning ligg ved Senatstorget og er teikna av Carl Ludvig Engel.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Svensk Wikipedia