Åbo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kart over Finland med Åbo i sørvest

Åbo, fi. Turku, er ein by i landskapet Egentliga Finland. Åbo med sine ca 175 000 innbyggjarar er den femte største byen i Finland og residensby i Vestre Finlands len. På grunn av byhistoria og plasseringa er 5,2 % av innbyggjarane svenskspråklege.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Åbo domkyrkje i jula 2004
Helsingfors universitet vart grunnlagt i Åbo 1640, segl frå tida i Åbo.
Akademitorget i Åbo 1795.

Åbo ligg i sørvestre Finland ved Aura å si munning.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Åbo er ein av dei seks mellomalderbyane i Finland. Åbo vart grunnlagd på 1200-talet, og byggjinga av Åbo domkyrka og Åbo slott vart innleidd på 1280-talet. Fram til år 1812 var Åbo hovudstad i Finland, som fram til år 1809 var ein del av Sverige. År 1812-1819 vart hovudstaden flytt nærare Russland, til Helsingfors. Tre firedelar av Åbo vart øydelagd ved Åbo brann i 1827.

Vapen[endre | endre wikiteksten]

Åbo by sitt byvåpen går attende til eit mellomaldersegl frå 1309. Bokstaven A i gotisk form viser til fyrste bokstaven i det latinske namnet på byen, Aboa. Lilja er symbolet for jomfru Maria, som Åbo domkyrkje er helga til. Hertugkrona kroner skjoldet ettersom Egentliga Finlands landskapsvapen har hatt hertugkrone sidan år 1557, etter at det som då var Finland vart gjeve til hertug Johan 1556.

Lokale dagsaviser[endre | endre wikiteksten]

Utdanning[endre | endre wikiteksten]

Åbo hadde eit universitet fram til 1827 då det etter brannen vart flytt til Helsingfors, for å bli attfødd som Helsingfors universitet. I Åbo finst i dag tre universitet, det svenskspråklege Åbo Akademi og dei finskspråklege Åbo universitet og Åbo handelshøgskola.

Viktige bygningar[endre | endre wikiteksten]

Sport[endre | endre wikiteksten]

Sjå også[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Åbo