Henrik Ingebrigtsen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henrik Ingebrigtsen


Statsborgarskap Noreg
Fødd 24. februar 1991 (33 år)
Sandnes kommune
Idrett friidrett
Tok del i

Sommar-OL 2012, Friidrett under Sommar-OL 2016

Henrik Ingebrigtsen (fødd 24. februar 1991) er ein norsk mellomdistanseløpar frå Sandnes. Ingebrigtsen spring for Sandnes Idrettslag. Veslebror hans, Filip Ingebrigtsen er også mellomdistanseløpar og deltok i junior-VM 2012.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Henrik Ingebrigtsen har ei rekkje gonger vorte juniornoregsmeister, på både 800 meter, 1500 meter og på hinderløp, 2000 meter. Henrik Ingebrigtsen tok den einaste gullmedaljen Noreg fekk under EM i friidrett 2012 i Helsingfors. Han tok rekorden på 1500 meter.

Ingebrigtsen fekk også delta for Noreg under sommar-OL 2012 i London.[1] I London sprang Ingebrigtsen seg heilt til finalen på 1500-meter og vart kjend for taktikken og dei iskalde løpsavslutningane sine.[2] I finalen den 7. august enda han på ein femteplass med tida 3.35,4. Dette var ny norsk rekord, 3 tidelar unna bronsemedaljen og fem tidelar unna sølvet; eit sterkt løp av Ingebrigtsen som då var 21 år gamal og OL-debutant.[3] Gullmedaljen gjekk til Taoufik Makhloufi frå Algerie framfor Leonel Manzano frå USA og Abdalaati Iguider frå Marokko.[4]

Nokre resultat[endre | endre wikiteksten]

  • Sølv på 1500 meter (3.48,43) i NM i friidrett 2009
  • Gull på 1500 meter (3.46,50) i NM i friidrett 2010
  • Bronse på 800 meter (1.50,84) i NM i friidrett 2010
  • Tok ny noregsrekord på 1500 meter 29. april 2012 og sletta rekorden til Lars Martin Kaupang frå 1976.
  • Tok ny noregsrekord på ei engelsk mil i Crystal Palace i London (3.54,28) den 14. juli 2012, og sletta rekorden til Knut Kvalheim frå 1974.
  • Gull på 1500 meter (3.46,20) i EM i friidrett 2012 i Helsingfors.
  • Femteplass på 1500 meter-finale og ny norsk rekord (3.35,4) under sommar-OL 2012 i London.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]