Sandnes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Gå til: navigering, søk
Sandnes
Våpen Kart
Våpen Kart
Grunnleggjande opplysningar
Kommunenr: 1102
Fylke: Rogaland
Administrasjonssenter: Sandnes
Flatevidd: 302 km²
Folketal: 62 037 (2008)
Politikk
Ordførar (2007-2011): Norunn Ø. Koksvik (H)
Målform: Nøytral
Nettstad: www.sandnes.kommune.no
Sandnes på Commons

Sandnes er ein by og ein kommune på Nord-Jæren i Rogaland fylke.

Sandnes kommune er med 60.100 innbyggjarar den niande største kommunen i Noreg, og den åttande største byen. Kommunen har ei flatevidd på til saman 302,9 km².

Gjennom dei siste tjue åra har innbyggjartalet årleg auka med eit gjennomsnitt på 1,9%. I seinare tid utgjer dette 800 personar kvart år. Sandnes er den byen i landet som veks mest. Truleg vil veksten halda fram på same vis dei komande åra.

Innhaldsliste

[endre] Historie

Sandnes si historie kan sporast attende heile 6-7.000 år. Frå 1664 av er det registrert busetnad. I 1860 fekk Sandnes status som kommune (ladestad), og feirar med det 150 års jubileum i 2010. I 1965 vart Sandnes kommune utvida med delar av gamle Hetland kommune, dette galt Riska sogn og Dale krins. Resten av Hetland kommune gjekk inn i Stavanger. Heile gamle Høyland og Høle kommunar gjekk òg inn i Sandnes.

Sandnes var lenge mest kjend for teglverk- og pottemakarindustri. Byen ligg inst i Gandsfjorden, og leirgrunn finst mest alle stader i byen. På austsida av byen er det mest leirgrunn.

Føretak som har drive med teglstein og pottemakeri heilt opp til nyare tid er Gann Graveren, og Simonsen-familien. I den seinare tid har produksjon av tekstiler og syklar vore viktigare. Føretak som Øglænd og Pioneer sette sitt preg på byen. Cubus vart og starta i Sandnes. I dag er det olje, forsking, data og eit godt forretningsmiljø som pregar byen.

[endre] Sandnesgauken

I kommunevåpenet eller byvåpenet finn ein Sandnesgauken. Ein Sandnesgauk er ein leirgauk, som kan nyttast som eit leikety til å spela på. Ved å blåsa i ein Sandnesgauk kan ein laga tre forskjellige tonar, og gaukegalen er særskilt lett å få til. Leirgauken minner òg om ein fugl som står med hovudet under vengen.

Det er sagt at slike gaukar vart delte ut for å skapa blæst om leirprodukt frå Sandnes. Ein person som er frå Sandnes kan bli kalla sandnesbu eller sandnesgauk.

[endre] Kjøpesenterkommune

I Sandnes kommune finn ein store kjøpesenter, både i sentrum og utanfor. Vågen Amfi ligg i ein gamal fabrikk ved kaia i Sandnes, medan Steen & Strøm Kvadrat ligg på Lura i Sandnes nord. Her er det mange slike store butikkar, og fleire føretak.

[endre] Kjende sandnesgaukar


Rogaland
Bjerkreim | Bokn | Eigersund | Finnøy | Forsand | Gjesdal | Haugesund | Hjelmeland |  | Karmøy | Klepp | Kvitsøy | Lund | Randaberg | Rennesøy | Sandnes | Sauda | Sokndal | Sola | Stavanger | Strand | Suldal | Time | Tysvær | Utsira | Vindafjord
Personlege verktøy