Henry Jenner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Henry Jenner (8. august 18488. mai 1934) var ein keltolog og cornisk aktivist, og hovudpersonen attom revitaliseringa av kornisk.

Jenner vart fødd i St. Columb i Cornwall, son av Henry Lascelles Jenner. I 1871 fekk Jenner ein post i The Department of Ancient Manuscripts i British Museum.

I 1875 heldt Jenner eit foredrag i The Philological Society i London, temaet var manx. Neste år heldt han eit foredrag om kornisk. I 1877 oppdaga han førtito liner av eit mellomalder skodespel i kornisk frå ca. 1450.

I 1903 danna Jenner den første korniske språkorganisasjonen, Cowethas Kelto-Kernuak. Året etter søkte han på vegne av Cornwall om medlemskap i The Celtic Congress. Kort tid etterpå publiserte han den svært viktige boka Handbook of the Cornish Language, denne boka danna grunnlaget for den korniske revitaliseringa. Boka inneheld ei oversikt over den korniske litteraturen, ei uttalerettleiing og ein grammatikk. Det korniske språket i handboka var basert på språket i dei vestre delane av Cornwall på 1700-talet, til skilnad frå normalen til eleven hans, Robert Morton Nance, seinare kom til å danne ein ny normal basert på mellomalderkornisk.

Livsmottoet til Jenner oppsummerte han slik : «The whole object of my life has been to inculcate into Cornish people a sense of their Cornishness.»

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Jenner, Henry 1904: A handbook of the Cornish language : chiefly in its latest stages with some account of its history and literature. London : D. Nutt (opptrykk: New York : AMS Press, [1982])

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Engelsk wikipedia.