Herbrand Hagen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Herbrand Hagen
Yrke musikar

Herbrand Hagen var ein norsk grosserar frå Nore i Numedal, busett i Oslo. Han var gift med Kari Thoen og fekk døtrene Ingeborg Hagen og Ingrid M. Hagen. Herbrand Hagen samla slåttar frå heimtraktene sine. Han hjelpte også kjende spellemenn med kost og losji når dei kom til hovudstaden. Han eigde fleire hardingfeler, mellom anna ei som vann pris på verdsutstillinga i Paris 1920. Han kjøpte fleire tomter på Malmøya i Oslo, der mange av etterkomarane hans bur i dag.