Hermann Maier

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hermann Maier


Statsborgarskap Austerrike
Fødd 7. desember 1972 (51 år)
Altenmarkt im Pongau
Idrett alpint
Tok del i

Alpint under Vinter-OL 1998 – Super-G menn, Alpint under Vinter-OL 2006 – Super-G menn, Alpint under Vinter-OL 1998 – Storslalåm menn, Alpint under Vinter-OL 2006 – Storslalåm menn

Utmerkingar

Skieur d’Or, stort utmerkelse for fortjenster for republikken Østerrike, Laureus World Sports Award for Comeback of the Year

Hermann Maier (fødd 7. desember 1972) er ein austerriksk tidlegare alpinist frå Flachau i forbundslandet Salzburg som vann verdscupen i alpine greiner fire gongar i løpet av 1998–2004. Han vann to OL-gull i 1998 og til saman tre VM-gull i 1999 og 2005. Frå 1998 til 2006 sikra han seg i alt ti medaljar (5-3-2) i dei store skimeisterskapane.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Maier var 24 år gammal då han seint i 1997-sesongen i tyske Garmisch-Partenkirchen vann sin fyrste siger i eit verdscuprenn. Hans definitive gjennombrot kom i den påfylgjande sesongen, då han vann heile ti renn i verdscupen i alpine greiner og sikra seg pokalen som verdas beste alpinist. Han vann då renn i alle øvingstypar, med unnatak for slalåm, ei grein der han aldri hevda seg i verdstoppen. Attåt sigrane i verdcupen kom OL-triumfar i Nagano i både storslalåm og super-G.

Vinteren 1999 vann Maier to nye gullmedaljar under VM i alpine greiner 1999 i Vail i Colorado. Han og Lasse Kjus fekk kvar si gullmedalje etter super-G-tevlinga, fire dagar seinare vann så Maier utforrennet framfor nettopp Kjus. Både i 2000 og 2001 vann Maier verdscupen i alpine greiner. I 2000-sesongen sette han ny poengrekord med nøyaktig 2 000 poeng, og det var einast Kjetil André Aamodt som hadde meir enn halvparten så mange poeng som Maier. Frå VM 2001 i St. Anton fekk han med seg ein sølvmedalje i utfor og ein bronsemedalje i super-G. Han deltok ikkje i 2002-sesongen, grunna ei motorsykkel-ulukke.

Maier kom tilbake i alpinløypa i januar 2003, og vann eitt renn i verdscupen og fekk sølvmedaljen i super-G-tevlinga under verdsmeisterskapen 2003 i St. Moritz. I 2004 lukkast Maier å ta sin fjerde vinnarpokal i verdscupen i alpine greiner. Etter jamn kamp med, mellom andre, landsmennene Stephan Eberharter og Benjamin Raich, sikra han seg FIS si krystallkule med 1265 poeng mot Eberharters 1223 poeng.

Maier vann sitt tredje og siste VM-gull då han sigra i storslalåm-tevlinga i Bormio i 2005. Året etter vart han sølvmedaljør i super-G under Vinter-OL 2006, slått av Kjetil André Aamodt, og fekk bronsemedaljen i storslalåm, gullet gjekk til landsmannen Benjamin Raich.

Både i 2007 og 2009 deltok Maier i fleire greiner under dei alpine verdsmeisterskapane, begge gongane utan å nå opp i medaljestriden. Den 30. november 2008 vann han i Lake Louise i Canada sitt 54. verdscuprenn, over to år etter den forrige rennsigeren. Omframt dei fire pokalane som prova at han var verdas beste alpinist i 1998, 2000, 2001 og 2004, vann han super-G-pokalen fem gongar; 1998–2001 og 2004, storslalåmpokalen tre gongar; 1998 og 2000–2001, og utforpokalen to gongar; 2000 og 2001.

Maier la opp som aktiv i 2009.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]