Hertha Berlin

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Olympiastadion i Berlin etter ombygginga i 2004

Hertha Berliner Sport-Club von 1892, til vanleg omtala som Hertha Berlin, er ein fotballklubb frå Berlin i Tyskland. Klubben er kjent for sine mange lojale fans, og for sitt stadion.

Hertha si heimebane er olympiastadion i Berlin. Stadionet rømer i dag 74 500 tilskodarar. Det vart bygt til dei olympiske sommarleikane 1936 i Berlin. Før VM i fotball 2006 i Tyskland, vart stadionet totalt renovert. Tribunekapasiteten steig frå tidlegare 55 000 til 74 500. Laget sitt kjælenamn er Die Alte Dame (den gamle dama).

Soge [endre]

Hertha Berlin vart grundlagt i 1892 under namnet BFC Hertha 1892. Dagens namn kom etter at Hertha i 1923 vart slått saman med Berliner Sport-Club. Namnet Hertha er etter eit dampskip med ein blå og kvit skorstein, som ein av grunnleggarane hadde reist med, og denne turen gav klubben både namn og klubbfargar.

Hertha vann i 1905 den aller første Berlin-meisterskapen. I seks år på rad, 1926-31, kvalfiserte klubben seg til spelet om den tyske meisterskapen, og vann dei to siste åra. Mot slutten av 1930-åra gjorde klubben det dårlegare, og det var først seint i 1950-åra at klubben atte oppnådde gode resultat.

Hertha kom med Bundesligaen kom i gang i 1963. Allereie eit par år seinare vart klubben tvinga til nedrykk grunna muter. Hertha rykte oppatt i 1968. Tre år seinare var klubben, saman med fleire andre klubbar i Bundesligaen innblanda i ei skandale om avtalt spel. Undersøkingar viste då at Hertha hadde eit kjempestort økonomisk underskot. Klubben slapp unna konkurs, då ein selde heimebana; Plumpe.

Klubben hadde bra med sportsleg suksess med mellom anna sølvmedaljar i Bundesligaen i 1975, semifinaleplass i UEFA-cupen i 1979 og to finaleplassar i den tyske cupmeisterskapen i 1977 og 1979.

I 1980 rykka Hertha ned og dei neste 17 åra spela klubben for det meste på 2. nivå i Tyskland. Frå 1997 til 2000 spela Kjetil Rekdal i klubben. Rekdal var svært populær mellom fansen og var ei tid kaptein. Hertha vart nummer 12 og 18 (nedrykk) i Bundesligaen dei to første sesongane, i hans siste sesong for Hertha rykka klubben etter å ha kome på andreplass på nivå 2.

Frå 2000 til 2010 heldt klubben seg i Bundesligaen med til dels gode plasseringar, to fjerdeplassar som best, og ei rekke deltakingar i UEFA-cupen. I 2010 kom Hertha sist i serien, men rykka oppatt til Bundesligaen allereie etter ein sesong.

Trond Fredrik Ludvigsen er den andre nordmanne som har vore innom Hertha Berlin.

Kjelder [endre]