Sommar-OL 1936

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dei 11. olympiske sommarleikane
Deltakande nasjonar 50
Deltakarar 4066 (3738 menn, 328 kvinner)
Øvingar 129
Opningsseremoni 1. august 1936
Avslutningsseremoni 16. august 1936
Offisielt opna av Riksførar Adolf Hitler

Sommar-OL 1936 vart halde i Berlin, Tyskland. Tyskland vart klart beste nasjon. Noreg tok ein gull ved Willy Røgeberg (skyting, liggande miniatyr) , men den norske prestasjonen som best vert huska, er nok tredjeplassen i fotball ved det legendariske «Bronselaget».

Tildelinga til Berlin skjedde før nazistane kom til makta, men dei gjorde likevel sitt beste for å framheva den fascistiske ideologien sin. Mellom anna fekk tyske utøvarar anabole steoridar og ekstra testosteron for å auka konkurranseevnane sine. Leni Riefenstahl fekk i oppgåve å filma leikane, og resultatet, Olympia, vart eit typisk nazistisk propagandaverk, men var òg opphav til mange teknikkar som no er vanlege når ein filmar idrett.

Jesse Owens frå Sambandsstatane vart den største stjerna i OL i 1936.

For dei som var imot nazistane vart dei fire gullmedaljane vunne av afroamerikanaren Jesse Owens sett på som eit passande nederlag for ideologien om det «ariske» overmennesket, sjølv om ei historie om at Hitler nekta å gjeva han medalje ikkje er sann. I diktet «Sprinterne» nemner Nordahl Grieg Owens sin verkelege og symbolske siger.

Leikane vart lagde til Berlin i konkurranse med Barcelona. Anti-fascistar planla å leggja ein folke-olympiade, eller spartakiaden, til den spanske byen som motsvar til den i Berlin, men dette vart umogleg då Den spanske borgarkrigen braut ut.

Medaljestatistikk[endre | endre wikiteksten]

Dei 10 beste nasjonane (og Noreg) Olympic rings with white rims.svg
Plass Land Gull Sølv Bronse Totalt
1 Flag of German Reich (1935–1945).svg Tyskland 33 26 30 89
2 Flag of the United States.svg USA 24 20 12 56
3 Flag of Hungary.svg Ungarn 10 1 5 16
4 Flag of Italy (1861-1946) crowned.svg Italia 8 9 5 22
5 Flag of Finland.svg Finland 7 6 6 19
5 Flag of France.svg Frankrike 7 6 6 19
7 Flag of Sweden.svg Sverige 6 5 9 20
8 Flag of Japan.svg Japan 6 4 8 18
9 Flag of the Netherlands.svg Nederland 6 4 7 17
10 Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia 4 7 3 14
18 Flag of Norway.svg Noreg 1 3 2 6

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sommar-OL 1936