Heybeliada

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sjøkrigsskulen på Heybeliada
Sett frå Marmarahavet

Heybeliada eller Heybeli Ada (gresk Χάλκη, Halki) er den nest største av Prinseøyane i Marmarahavet, nær Istanbul i Tyrkia. Ho er offisielt eit nabolag i bydelen Adalar i Istanbul.

Den tyrkiske sjøkrigsskulen ligg på øya, i tillegg Kamariotissa, den einaste gjenverande austromerske kyrkja på øya, og den siste kyrkja som vart bygd før erobringa av Konstantinopel. Den engelske diplomaten Edward Barton, den andre engelske ambassadøren i Konstantinopel, ligg gravlagd her.

Det bur kring 3000 menneske på øya om vinteren, men med mange sommarhus på øya aukar innbyggjartalet til kring 10 000 om sommaren.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Heybeliada

Koordinatar: 40°52′40″N 29°05′30″E