Prinseøyane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Statue av AtatürkBüyükada, den største av Prinseøyane.

Prinseøyane (tyrkisk Prens Adaları, eller oftare Kızıl Adalar Dei raude øyane, eller berre Adalar; gammalgresk Πριγκήπων νήσοι Prinkēpōn nēsoi) er ei gruppe på ni øyar utanfor kysten av Istanbul i Tyrkia i Marmarahavet. Øyane utgjer distriktet Adalar (som tyder øyane) distrikt i provinsen Istanbul.

Øygruppa består av fire større øyar, Büyükada (Storøya) med eit areal på 5,46 km2, Heybeliada, Burgazada, Kınalıada og dei fem mindre øyane Sedef Adası, Yassıada, Sivriada, Kaşık Adası og Tavşan Adası.

Om sommaren er øyane populær turistmål frå Istanbul. Sidan det ikkje er trafikk på øya er den einaste transporten her hest og vogn. Øyane ligg berre ein kort båttur frå Istanbul. Dei fleste båtane legg til ved dei fire største øyane.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ei gate på Büyükada.

I perioden under Austromarriket vart prinsar og andre kongelege sendt i eksil til øyane, og sidan medlemmar av dei osmanske sultanfamiliane. Dette er opphavet til namnet til øyane. Øyane vart erobra av den osmanske flåten under omleiringa av Konstantinopel i 1453. På 1800-talet vart øyane eit populært feriemål for dei rike i Istanbul og fleire hytter og hus i victoriansk stil er framleis bevarte på dei større Prinseøyane.

Øyane har fått ein gradvis meir etnisk tyrkisk karakter på grunn av det kjem mange rike tyrkarar hit.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Prinseøyane

Koordinatar: 40°52′33″N 29°5′22″E