Hilde Gjermundshaug Pedersen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Hilde Gjermundshaug Pedersen (fødd 8. november 1964), ofte kalla «Hilde GP», er ein norsk langrennsløpar som representerer Nybygda IL.

Ho debuterte i langrennsverdscupen 3. mars 1984. Etter nokre års satsing på langrenn trappa ho ned, og konkurrerte i fleire år berre i skiorientering, der ho tok 7 individuelle NM-gull i løpet av åra 1994-98, og vart vinnar av verdscupen i 1997. I langrenn gjorde ho comeback i verdscupen i 1997.

Gjermundshaug Pedersen gjekk på det norske stafettlaget som tok sølv under Lahti-VM i 2001.

I 2002 vart ho tildelt Egebergs ærespris for prestasjonane sine i skiorientering og langrenn.

I VM 2003 i Val di Fiemme vann Gjermundshaug Pedersen dei første individuelle VM-medaljane sine i langrenn. Det vart bronse både i sprinten og på den klassiske 10-kilometeren. I tillegg gjekk ho for det norske laget som tok bronsemedaljane på stafetten.

Under VM 2005 i Oberstdorf tok ho sin tredje VM-medalje på stafetten, denne gongen gull.

I estiske Otepää vann ho 10 km klassisk 7. januar 2006, og tok dermed sin aller første verdscupsiger i ein alder av 41 år. Under Ski-NM 2006Kongsberg tok Pedersen, saman med døtrene Eli og Ida, eit historisk NM-gull i stafett for Nybygda IL. Same år tok ho òg bronsemedaljen på 10 km klassisk i Torino.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]