Oberstdorf

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Oberstdorf view from nebelhorn.jpg
Oberstdorf view.jpg

Oberstdorf er ein kommune (tysk:Markt) i Oberallgäu i Bayern, som ligg i dei bayerske Alpane, nær grensa til Austerrike, med i kring 10 00 innbyggjarar.

Oberstdorf er kjent som kursstad og vintersportsstad, og er eit populært utgangspunkt for fjellklatrarar. Med 17 000 gjestesenger og 2,5 millionar overnattingar i året, er Oberstdorf ein av Tysklands turistmagnetar.

I Oberstdorf ligg to internasjonalt kjente hoppbakkar: Schattenberg-bakken, som blir brukt under hoppveka, og ein skiflygingsbakke (Heini Klopfer-bakken) som er den nest største i verda. Her finn ein blant anna 85 km skiløyper, 20 skiheiser og 44 km med alpinbakker.

Oberstdorf arrangerte verdsmeisterskap på ski i nordiske greiner i tidsrommet 16.-27. februar 2005, kor Noreg blei beste nasjon.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]