Hillary Clinton
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hillary Diane Rodham Clinton (f. 26. oktober 1947) er ein amerikansk demokratisk politikar og senator for delstaten New York. Clinton er gift med tidlegare president Bill Clinton, og var fyrstedama i presidentperioden hans frå 1993 til 2001. Ho er den fyrste tidlegare fyrstedama som har stilt til val.
Innhaldsliste |
[endre] Familiebakgrunn
Hillary Rodham vart fødd i Chicago i Illinois og oppdregen av dei metodistiske foreldra sine i Park Ridge i same delstat. Faren, Hugh Rodham sr., son av engelske innvandrarar, var forretningsmann i tekstilindustren i Scranton i Pennsylvania, og mora, Dorothy Emma Howell Rodham, var heimeverande. Hillary har to yngre brør, Hugh og Tony Rodham.
Hillary Rodham og Bill Clinton gifta seg i 1975 i Fayetteville i Arkansas. Ho brukte jentenamnet sitt fram til 1982. Ekteparet har ei dotter, Chelsea Clinton, som er fødd i 1980.
[endre] Utdanning og arbeid
Hillary Clinton tok ein lågare grad i historie ved Wellesley College i Massachusetts i 1969, og er utdanna jurist ved Yale University i 1973.
Hillary Rodham var lenge advokat i advokatfirmaet Rose i Little Rock, på same tid som ho underviste ved rettsfakultetet ved University of Arkansas i Fayetteville. I 1974 fekk ho dei første erfaringane sine med hovudstadspolitikk då ho var juridisk rådgjevar for justiskomiteen i det amerikanske representanthuset. Ho var då med i ein krets som sette saman materiale for ein riksrettssak mot president Richard Nixon på grunn av Watergateaffæren.
Då mannen hennar blei vald til guvernør for Arkansas i 1979, slutta Hillary Rodham som jusprofessor.
[endre] Førstedame
Familien Clinton flytta inn i Det kvite huset i 1993, og Hillary Clinton blei leiar av ei gruppe som skulle reformera helsevesenet i USA. Dei djuptgripande forslaga til gruppa blei aldri vedtekne.
[endre] Senator
Hillary Clinton vart vald som senator for delstaten New York den 7. november 2000 med 55 % av stemmane. Ho sat i fleire fagkommitear, mellom anna forsvarskommiteen.
[endre] Presidentkandidat-kandidat
Clinton var favoritt til å verte det demokratiske partiet sin kandidat til presidentvalet i 2008, og flagga dette de facto 20. januar 2007. Ho tapte derimot kappløpet mot senator Barack Obama.
[endre] Utgjevingar
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Hillary Rodham Clinton» frå Wikipedia på bokmål, den 10. februar 2008.