Hjørring

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Springvandspladsen i Hjørring.

Hjørring er den største byen i Vendsyssel i Nordjyllands amt i Danmark. Flatevidda er 311,4 km², og folkemengda er 35 554 (1. januar 2003).

Hjørring er ein gammal amtsby, og har difoer gode utdanningstilbod og eit stort sjukehus. Byen er kjend internasjonalt for å husa ei av verdas største fotballturneringar, Dana Cup.

Historie [endre]

Hjørring er ein av dei eldste byane i Danmark, og feira 750-årsjubileum i 1993. Namnet Hjørring kjem av norrønt hjórr (sverd) og har òg den typiske ing-endinga for gamle danske byar.

I mellomalderen var Hjørring ein nokså stor by, noko som dei tre gamle kyrkjene hans viser. Fleire brannar på 1600-talet og i 1819 har likevel ført til at han ikkje har igjen mange gamle hus.

Bakgrunnsstoff [endre]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Hjørring

Kjelder [endre]