Hjelmen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hjelmen
stad
Land  Noreg
Fylke Vestland
Kommune Fitjar
Folketal 0  (2023)
Gardnummer 48
Kart
Hjelmen
59°53′29″N 5°16′17″E / 59.8915°N 5.27145°E / 59.8915; 5.27145

Hjelmen er ei øy i Fitjarøyane i Fitjar kommune. Øya ligg mellom halvøya Kråko i aust og Ivarsøy i vest. I sør og nord går Engesundsleia. Øya er veglaus og utan fast busetjing.

Garden Hjelmen ligg sør på øya.

Garden[endre | endre wikiteksten]

Garden på Hjelmen var opphavleg husmannsplass under Fitjargarden. I 1723 vart plasset skyldsett og vert då rekna som ein sjølvstendig gard. På same måte som hovudgarden Vestbøstad, høyrde Hjelmen til Lyse kloster. Garden låg under Lysekloster til 1877. Brukaren Carl Tolleivson kjøpte då Hjelmen og brukarane var sidan den tid sjølveigarar.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Garden og øya har fått namn etter forma på den høgaste toppen, som liknar på ein hjelm.

Namnet har vore skrive mykje likt oppgjennom tidene, som Hielmen, Gjelmen, Hjælmen og Hjelmen. Daglegnamnet er òg Hjelmen.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Øya er kring 1 km lang frå sørvest til nordaust og kring 300 meter på det breiaste. Det høgaste punktet på øya er 43 meter over havet, like nord om garden.

Folketalsutvikling[endre | endre wikiteksten]

1801[1] 1900[2] 2023
4 7 0

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Folketeljing 1801 for Stord prestegjeld, frå Digitalarkivet
  2. Folketeljing 1900 for Fitjar herred, frå Digitalarkivet