Lyse kloster

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Klostergarden til Lyse kloster
Søyleruinar frå Lyse kloster.
Planteikning over Lyse kloster
Ein av bogane i søyleruinane i Lyse kloster

Lyse kloster ligg 27 km sør for Bergen på garden Lysekloster inst i Lysefjorden i Os kommune i Hordaland fylke. Klosteret vart skipa i 1146 av munkar frå Fountains Abbey i England etter oppfordring av biskop Sigurd frå Bergen og var det eldste cisterciensarklosteret i Noreg[1]. Klosteret var i funksjon fram til 1536reformasjonen kom til Noreg.

Kloster hadde stor vyrdnad og velstand og alt i 1207 skipa dei eit systerkloster på Tautra. Mange av abbedane var drivande forretningsmenn og klosteret hadde eigne skip som dei reiste til England med for å drive handel. Klosteret hadde laksefiske i Oselva og ein eigen handelsgard på Stranda i Bergen. Særleg eigde klosteret mange jordegods i Sunnhordland

Bygningar[endre | endre wikiteksten]

Ruinane etter klosteranlegget kan gje eit bilete av korleis kyrkja og to av fløyene har vore utforma. Kyrkja er einskipa med to sidekapell på kvar side av koret. Innvendige mål i kyrkja er om lag 40×90 m. Ho har hatt fleire portalar som fortel om dei ulike funksjonane til klosteret. Ein portal leier frå skipet ut i det fri i vest. Ein andre portal gjekk ut til klostergangen. Ein tredje portal kan ha hatt samband til vestfløya der lekbrørne hadde tilhald. Ein fjerde portal gjekk frå koret til kyrkjegarden via nordre kapell. Ein femte portal førde til kapellet i sør og vidare opp nattrappa til munkane sin sovesal i overetasjen på austfløya.

Etter det tradisjonelle mønsteret låg kapittelsalen i austfløya, nærast kyrkja. To portalar frå krossgangen førde inn i det rikt utforma rommet. Rommet var den gongen overkvelva. Vidare kom det smale parlatoriet, før passasjen ut frå klostergarden til det som fanst av bygg utanfor sjølve anlegget. Frå gangen var det tilgjenge til det store rommet på enden av austfløya. Rommet kan ha vore dagrommet, arbeidsrommet til munkane.

Sørfløya er ikkje så enkel å tolka fordi restar etter fleire ombyggingar finst. Det kan vera ei rimeleg forklaring at det nærast dagrommet låg ei trapp som gjekk opp til overetasjen, og at klosteret sitt fengsel var plassert under trappa. Deretter kom det store refektoriet, og kjøkkenet. På den andre sida av kjøkkenet låg vanlegvis lekbrørne sin matsal, men her er det ikkje sikre spor.

Korleis ein vestfløy kan ha sett ut veit ein ikkje.

Klostergarden er nesten 20 m i kvadrat. Han har vore omgjeve av ei rik arkaderekke med rundbogeopningar og dobbeltstilte søyler som står på ein låg mur. Muren stammar frå siste halvdel av 1100-talet. Både den generelle utforminga og funksjonen til romma ser ut til å fylgja det tradisjonelle mønsteret for eit cisterciensarkloster. Dette gjeld òg ikonografien i kapitela som finst.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Jacob Aaland (1933) «Fitjargods kjem under klostervelde» – i: Fitjar, s. 84-87 – R Søreides Prenteverk, Sandane.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lyse kloster

Litteratur[endre | endre wikiteksten]