Hjuldyr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hjuldyr


Hjuldyr
Hjuldyr

Systematikk
Domene: Eukaryotar
Rike: Dyr
Rekkje: Rotifera

Hjuldyr er ei rekke protostome pseudocoelomate dyr som lever i vatn over heile verda. Gruppa vart først beskriven i 1696 av John Harris, sjølv om mange kjelder nemner Anton van Leeuwenhoek. Hjuldyra er vanlege i ferskvatn over heile verda, men det finst òg nokre få saltvassartar. Nokre av dei sym fritt i vatnet og er planktoniske, andre kryp rundt på botnen og atter andre er fastsitjande dyr som anten lever i røyr eller heldt seg fast. Om lag 25 artar er koloniale, desse er anten fastsitjande eller planktoniske. Dei fleste hjuldyr er 0,1-0,5 mm lange og såleis berre synlege i mikroskop.

Det finst om lag 2000 artar hjuldyr, fordelt på fem ordenar i to klassar.

Form og struktur[endre | endre wikiteksten]

Hjuldyra har fått namnet sitt frå coronaen, som sit rundt munnen og er dekt med flimmerhår. Rørslene til desse liknar eit hjul, og skapar ein virvelstraum som syg mat ned i munnen til dyret. Her vert maten toggen opp av ein karakteristisk pharynx med små kjevar. Coronaen driv òg dyret gjennom vatnet når det ikkje sit fast.

Dei fleste frittlevande hjuldyr har par med tær nedst på kroppen som dei brukar til å ankra seg fast medan dei et. Hjuldyr er bilateralsymmetriske og kjem i fleire ulike former. Rundt kroppen har dei eit velutvikla eksoskjelett som anten kan vera tjukt og rørslehemmande eller tynnare og fleksibelt.

Vaksne hjuldyr er euteliske - kvar art har eit bestemt tal på celler per individ, vanlegvis rundt 1000.

Formeiring[endre | endre wikiteksten]

Forplantningsmønsteret til hjuldyr varierer etter klasse og miljøtilhøve. Det skjer både kjønna og ukjønna formeiring; i klassa Monogononta tilmed begge delar frå tid til annan. Her er nesten alle individa hoer; hannar opptrer berre under særskilde tilhøve hjå somme artar. Når dei ikkje er til stades skjer reproduksjonen via partenogenese og resulterer i avkom som er genetisk identisk med forelderen.

Hjå nokre artar kan det dannast to ulike slag partenogenetiske egg; den eine sorten utviklar seg til normale partenogenetiske hoer, medan den andre dukkar opp ved endra miljøtilhøve og utviklar seg til ein hann som har eit komplett sett kjønnsorgan men manglar tarm. Desse hannane befruktar hoer i den korte levetida si, og er såleis med på å produsera såkalla kvile-egg. Kvile-egga utviklar seg til zygotar som er i stand til å overleva særs harde miljøtilhøve av slaget som kan inntreffa om vinteren eller under tørketider. Når tilhøva betrar seg att utviklar desse egga seg til ein ny generasjon hoer som lever i mellom eit par dagar til omkring tre veker.

Kryptobiose[endre | endre wikiteksten]

Hjuldyr som høyrer til ordenen Bdelloidea kan ikkje produsera kvile-egg, men mange av dei kan overleva lange periodar med dårlege tilhøve etter uttørking. Dette vert omtalt som anhydrobiose, og er ein kryptobiotisk tilstand. Under tørkeperiodar trekk bdelloidar seg saman til ein urørleg klump og mistar nesten all kroppsvæske; men når dei får vatn i seg att heldt kroppsfunksjonane fram etter få timar. Bdelloidar kan overleva tørre tilhøve over lang tid, den lengste dokumenterte perioden har vore ni år.

Bdelloid-genom inneheldt to eller fleire ulike kopiar av kvart gen, noko som kan tyda på ei lang ukjønna evolusjonær historie. Til dømes har ein funne fire versjonar av hsp82, alle forskjellige og funne på ulike kromosom. Dette umogleggjer homozygotisk kjønna formeiring.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]