Hn/Grunnvatn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Sidor som ligg under «Hn» er skrivne på høgnorsk. Denne finst òg i gjeldande rettskriving — sjå «Grunnvatn».

Grunnvatn er vatnet som finst i grunnen under landyta. Der tek det upp hòlrom millom jordmòlane, eller i større sprungor i jord og berg. Er ikkje detta hòlromet metta med vatn, men inneheld luft mèd, talar ein gjerne um markvatn. Det djupet nedi bakken der hòlromet vert metta med vatn, kallar ein grunnvass-spegelen (eller grunnvassmålet). Grunnvatnet rører seg i større eller mindre mun, og vatnet vert verande i grunnen alt frå nokre dagar til mange tusund år; eit jordlag som fører vatn tolleg godt vert kalla vass-sig, vassår, vekja (vekju) o.dl. Ofte vert desse nemningane sette i bås med den gamle tanken at vatnet gjekk i jordi liksom blodet i kroppen. I vitskapen nyttar ein helst umgrìpet akvifer (nylatin aquifer, «vassbær, som ber vatn»).

Grunnvatnet fær tilførsla si frå landyta, ved at regn eller smeltevatn sig ned i bakken, eller ved innsig frå innsjøar, elvar og andre ytevatn. Like eins sig grunnvatnet med tid og stunder ut i kjeldor og utsig, som gjerne står i nært samband med ulike ytevatn. Soleis er grunnvatnet ein del av krinslaupet åt vatnet. Myrar og oasar er som regel fullnørde av grunnvatnet. Menneskja hemtar upp grunnvatnet gjenom brunnar eller rennor til bruk i jordbruk, industri og hushald. Dei vitskapsgreinene som tek fyre seg grunnvatnet er i fyrste rekkja hydrologi (vasskunna) og geologi (jordkunna), som møtest i undergreinene geohydrologi og hydrogeologi.

Høvet til å nytta grunnvatnet i Noreg vert regulert gjenom vassressurslogi, med Noregs vassdrags- og energidirektorat som vardveitande styresmakt.