Homla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Homla er ei smålakselv i Hommelvik i Malvik kommune i Sør-Trøndelag. Elva startar i Foldsjøen og renn ut i Hommelvik og Trondheimsfjorden. Tidlegare vart ho brukt til tømmerfløyting, og store delar av elva høyrer til Meråker Brug.

Homla er i dag kjent som ei smålakselv med gode førekomstar av både sjøaure og laks. Fiskerettar vert selde av Malvik Jeger og fiskerforening og Elveeierlaget. Utsalsstad er bensinstasjonane i Hommelvik.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Sør-Trøndelag å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.