Trondheimsfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 63°30′24.930″N 10°13′22.001″E

Kart over Trondheimsfjorden

Trondheimsfjorden er den tredje lengste fjorden i Noreg med ei lengd på 130 km. Fjorden ligg i Trøndelag og strekkjer seg frå Ørland, søraustover mot Trondheim, og derfrå mot nordaust til Steinkjer. Det djupaste punktet er på 617 meter ved Agdenes. Dei største øyane i fjorden er Ytterøya og Hestøya i Levanger og Tautra ved Frosta. Den vesle Munkholmen ligg nær hamna i Trondheim og det er fleire øyar ved innløpet til fjorden.

Det smale Skarnsundet er kryssa av Skarnsundbrua og delen av fjorden nord for sundet vert kalla Beitstadfjorden. Hovuddelen av Trondheimsfjorden er isfri året rundt og delar av Beitstadfjorden og den lange og smale fjordarmen Verrasundet i nord kan stundom ha isdekke om vinteren.

Byane Stjørdal, Levanger, Verdal og Steinkjer ligg i austlege og nordlege område. Aker Verdal i Verdal produserer store offshoreinnstallasjonar for petroleumsnæringa. Verftet i Rissa bygde mellom anna luksusskipet «The World».

Fyret og øya Munkholmen i Trondheimsfjorden

Trondheimsfjorden har eit rikt sjøliv og minst 90 forskjellige fiskeartar er observerte. Fjorden har ein av dei største biologiske produksjonane av fjordane i Noreg[1]. I nyare år er det oppdaga korallar på djupt vatn (Lophelia pertusa), ikkje langt frå Trondheim. Fleire av dei beste lakselvane i landet munnar ut i Trondheimsfjorden. Av desse finn ein Gaula (i Melhus like sør for Trondheim), Orkla (i Orkdal), Stjørdalselva (i Stjørdal) og Verdalselva (i Verdal).

Låglandet aust og sør for fjorden er eit av dei beste jordbruksområda i Noreg. Den meir kuperte og fjellkledde Fosenhalvøya ligg i vest og nordvest og gjev ly for vinden i kystområda lenger vest.

Fjorden var lenge den viktigaste ferdselsåra i regionen, noko som gjenspegla seg i den tidlegare kommuneinndelinga. Delar av noverande Agdenes kommune var lenge knytt til kvar sin av i alt tre kommunar på nordsida av fjorden: Den opphavlege Agdenes med Ørland; Lensvik med Rissa; og Ingdalen med Stadsbygd. I 1888 førte eit undersjøisk ras til ein tsunami som tok livet av ein person i Trondheim og øydela tre jernbanelinjer.

Fjorden kan kryssast

Det går òg ferje frå Levanger til Ytterøya i same kommune.

Snøggbåtsamband i fjorden:

Side- og delfjordar[endre | endre wikiteksten]

Trondheimsfjorden sett nordaustover, frå eit utsiktspunkt sør i Mosvik
Trondheimsfjorden sett sørfrå i Vikhammar
Trondheimsfjorden sett frå Tautra med Frosta til høgre.

Rekkjefølgje frå kysten og innover.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar
  1. Mork, J. Fisk og fiskerier i Trondheimsfjorden, Tapir Forlag, 110-132.