Hosianna Mantra

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hosianna Mantra
Studioalbum av Popol Vuh
Utgjeve 1972
Sjanger New Age
Lengd 37:27
Selskap Pilz
Popol Vuh-kronologi 
In den Gärten Pharaos
(1971)
Hosianna Mantra Seligpreisung
(1973)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars lenkje
Piero Scaruffi9/10 stars lenkje

Hosianna Mantra er det tredje albumet av Popol Vuh. Det kom først ut i 1972 på det tyske plateselskapet Pilz. I 2004 gav SPV albumet ut på ny med eitt bonusspor (opphavleg gjeve ut i 1972 på ein solosingel av den koreanske vokalisten Djong Yun).

Florian Fricke var ein pioner med bruk av synthesizer i tysk rock, men på dette tredjealbumet gjekk han heilt bort frå elektroniske instrument og nytta heller organiske instrument bygd opp kring piano, fiolin, tambura, obo, cembalo og 12-strengsgitar. Ofte syng den koreanske sopranen Djong Yun over dette arrangementet. Som tittelen indikerer såg Fricke for seg Hosianna Mantra som ei musikalsk forsoning mellom aust og vest og kombinerte dei to musikktradisjonane.

Vinylversjonen av albumet er sjeldan og har vorte seld for over 1500 kroner på bruktmarknader.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Florian Fricke. Tekstane er baserte på originale tekstar av Martin Buber.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Ah!»4:40
2.«Kyrie»5:23
3.«Hosianna Mantra»10:09
Side to
Nr.TittelLengd
4.«Abschied»3:14
5.«Segnung»6:07
6.«Andacht»0:47
7.«Nicht hoch im Himmel»6:18
8.«Andacht»0:46
Bonusspor på 2004-utgåva
Nr.TittelLengd
9.«Maria (Ave Maria)»4:30

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Gjest:

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]