Hovudseriefinalen i fotball 1954

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Hovudseriefinalen i fotball 1954 fann stad på Ullevål stadion i Oslo sundag 27. juni 1954, framfor 20 000 tilskodarar. Dei to finalistane, Fredrikstad Fotballklubb og Idrettsklubben Skeid frå Oslo, hadde vunne kvar si avdeling av Hovudserien 1953/54. Fredrikstad vart hovudseriemeister for fjerde gong med finalesifra 2-1.

Fredrikstad FK tok leiinga etter seks minuttar då ytre venstre Willy Olsen frå «kloss hold» sette ballen mellom beina på Skeid-målvakta Øivind Johannessen. Vel midtvegs i 1. omgang skaut FFK sin senterløpar Odd Aas frå skrå vinkel, eit skot Skeid-målvakta ikkje fekk kontroll på og «slo den [ballen] selv inn i mål». I det 32. minutt reduserte Harald Hennum til 1-2 på eit «noe hardt» idømt straffespark, noko som òg vart sluttresultatet.

Fredrikstad FK sitt vinnarlag bestod av Per Mosgaard i mål, backane Helge Sveberg og Åge Spydevold, halfane Leif Pedersen, Erik Holmberg, Reidar Kristiansen og løparane Frank Eriksen, Arne Pedersen, Odd Aas, Henry Johannessen og Willy Olsen. Kjell Jakobsen erstatta ein skadd Holmberg frå like før pause.

Skeid stilte fylgjande mannskap: Øivind Johannessen, Arne Winther, Knut Gudem, Bernhard Johansen, Leif Belgen, Finn Gundersen, Arvid Halvorsen, Hans Nordahl, Kjell Hansen, Harald Hennum og Jack Farem.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]