Henry Johannessen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Henry Johannessen
Statsborgarskap Noreg
Fødd 12. desember 1923
Fredrikstad
Død

1. mars 2005 (81 år)
Fredrikstad

Yrke fotballspelar

Henry Oliver Johannessen (12. desember 19231. mars 2005) var ein norsk fotballspelar frå Glemmen som var aktiv i Fredrikstad FK i tida 1946 til 1960. Han «var en særegen spiller, en fotballbegavelse utenom det vanlige».[1]

Johannessen var opphavleg medlem av Lisleby Fotballklubb, men melde våren 1946 overgang til FFK. I perioden 1948-60 skåra han 96 mål på 139 kampar, eit snitt på heile 0,7 mål pr kamp. Gjennom sine mange sesongar i Fredrikstad FK var han med å vinne to noregsmeisterskap og fem seriemeisterskap.

Frå sin landslagsdebut mot Luxembourg i 1946 til han spelte sin siste landskamp mot Finland i 1955 deltok han 14 kampar med det norske flagget på brystet. Han vert særleg hugsa for sin innsats i bortekampen mot Nederland i Rotterdam 6. juni 1951. Heimelaget tapte 2-3, etter to mål av Henry Johannessen og eitt av Odd Wang Sørensen. Johannessen gav Noreg leiinga 1-0 og skåra sigersmålet på stillinga 2-2 med eit knallhardt skot i vinkelen. Etter den landskampen «ble den velspillende innerwingen tilbudt 180 000 kroner for å gå over til den italienske klubben Fiorentina, men han sa nei takk».».[2] Året etter deltok han i Sommar-OL 1952 i Helsinki. I alt skåra han sju landslagsmål.

Merittar[endre | endre wikiteksten]

  • Seriemeister: 1949, 1951, 1952, 1954, 1957 med Fredrikstad
  • Noregsmeister: 1950 og 1957 med Fredrikstad

Notar[endre | endre wikiteksten]

  1. Magnus Breili: Fotballboken.1957
  2. Magnus Breili: Fotballboken.1957