Romteleskopet Hubble
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Romteleskopet Hubble (eng:Hubble Space Telescope) er eit teleskop ute i verdsrommet som går i bane rundt jorda si atmosfære. Romteleskopet er kalla opp eter den amerikanske astronomen Edwin Hubble og vart sendt opp med romferja Discovery den 24. april 1990. Eigentleg skulle romteleskopet sendast opp tidlegare, men det vart utsatt etter Challenger-ulykka.
For å halde romteleskopet ved like, er det naudsynt at astronautar gjer regelmessige vedlikehald. 4 gonger har romferjer dratt ut i verdsrommet til teleskopet. Romteleskopet skulle eter planen gjennomgå eit nytt vedlikehald i 2005, men det såg lenge ut til at det ikkje ville verte noko nytt vedlikhald då ein mista romferja Columbia og mannskapet i 2003. Dermed ville ikkje NASA bruke dei resterande romferjene på oppdrag som ikkje gjekk til den internasjonale romstasjonen. På grunn av at forskjellige banene til Hubble og romstasjonen, ville ikkje astronautane ombord kunne søkje naudhamn om noko skulle skje. No er det likevel bestemd at ein siste servicetur skjer rundt år 2008.
[endre] Bakgrunnsinformasjon

