Hufvudstadsbladet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Hufvudstadsbladet 10 januar 1865

Hufvudstadsbladet (HBL, på folkemunne Husis, evt. også Hubla eller Høblä) er ei svenskspråkleg finsk dagsavis som blir gjeve ut i Helsingfors. Den vart grunnlagt i 1864 av August Schauman og det første nummeret kom ut den 5 desember same år.

I byrjinga utkom Hufvudstadsbladet seks dagar i veka og vart seld berre til abonnentar. I slutten av 1800-talet vart Hufvudstadsbladet den største dagsavisa i Finland. I dag er ho den største svenskspråklege avisa i Finland, med eit opplag på omkring 50 000–55 000 per utgjevingsdag.

Namnet blir skrive Hufvudstadsbladet av historiske grunnar. Avisa, som frå og med 2004 kjem ut i tabloidformat, har også finskspråklege lesarar i Helsingfors.

Kortfatta historikk:[endre | endre wikiteksten]

  • 1885 vart Hufvudstadsbladet seld til Arthur R. Frenckell.
  • 1888 grunnla avisa eit eige trykkeri.
  • 1896 skaffa dei den førsta rotasjonspressa i Finland.
  • 1920 vart Hufvudstadsbladets Förlags- och Tryckeri AB grunnlagt.

Kjende kolumnistar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]