Hughes Range

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 84°30′S 175°30′E
Hughes Range
fjellkjede
Land Flag of Antarctica.svg Antarktis
stad Ross Dependency
 - koordinatar 84°30′S 175°30′E
Administrert under Antarktistraktaten
Hughes Range is located in Antarktis
Hughes Range (Antarktis)

Hughes Range er ei høg massiv fjellkjede i Antarktis, med seks markante fjelltoppar. Den høgaste av desse er Mount Kaplan på 4230 moh. Fjellkjeda ligg aust for Canyonbreen i Dronning Maudfjella og strekkjer seg 72 km frå samløpet til Brandau- og Keltiebreen i sør, til Giovinco forlandsbre i nord.[1]

Fjellkjeda vart oppdaga og fotografert av kontreadmiral Byrd på ein flytur den 18. november 1929, og vart namngjeven av US-ACAN, etter tilråding frå Byrd, etter Charles Evans Hughes, justisminister i USA og rådgjevar for Byrd.[1]

Fjell[endre | endre wikiteksten]

  • Mount Kaplan
  • Mount Waterman er eit massivt fjell, 3880 moh, som står 5 km nordaust for Mount Wexler. Fjellet vart oppdaga og fotografert av kontreadmiral Byrd på ein flytur 18. november 1929, og kartlagd av A.P. Crary i 1957-58. Ho vart namngjeven av Crary etter Alan Tower Waterman, direktør i National Science Foundation, som direkte støtta USA sine prosjekt i Antarktis løpet av og etter Det internasjonale geofysiske året, 1957-58.[2]
  • Mount Wexler er eit markant, isfritt fjell, 4025 moh, som ligg 5 km nordvest for Mount Kaplan, det høgaste fjellet i Hughes Range. Det vart oppdaga og fotografert av Byrd på ein flytur den 18. november 1929, og kartlagd av A.P. Crary i 1957-58. Ho vart namngjeven av Crary etter Harry Wexler, sjefsforskar for dei antarktiske prosjekta til USA i 1957-58.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]