Hunedoara
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Hunedoara | |||
|---|---|---|---|
|
|||
| Plassering | |||
|
|
|||
| Styresmakter | |||
| Land | |||
| Fylke | Hunedoara | ||
| Borgarmeister | Nicolae Schiau | ||
| Geografi | |||
| Flatevidd - By |
97 km² |
||
| Innbyggjarar[1] - Totalt (2007) - folketettleik |
71 207 734,1 /km² |
||
| Koordinatar | Koordinatar: | ||
| Høgd over havet | 278 moh | ||
| Tidssone - Ved sommartid |
EET (UTC+2) EEST (UTC+3) |
||
| Diverse annan informasjon | |||
| Postnummer | 331128 | ||
| Retningsnummer (tlf) | +40 02 54 | ||
| Bilnummer | HD | ||
| Nettstad: www.primariahd.ro | |||
Hunedoara (tysk Eisenmarkt, ungarsk Vajdahunyad) er ein by i Romania i Hunedoara fylke i Transilvania. Han ligg i Cernadalen nær Poiana Ruscă-fjella i Karpatane. Byen har om lag 70 000 innbyggjarar.
I Hunedoara ligg det gotiske Hunyadslottet, som er knytt til Corvin-familien. Slottet var opphavleg ein liten kongeleg residens som vart gjeve til Vajk (rumnensk: Voicu) av Sigismund av Det tysk-romerske riket i 1409. Sonen til Vajk, Johannes de Hunyad, bygde ut slottet til ein gotisk residens i 1446.
I tillegg til den rumenske folkesetnaden er det òg ein del etniske ungarar og tyskarar i Hunedoara.
Byen hadde tidlegare det nest største stålverket i Romania, men dette er no nedlagt.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Hunedoara» frå Wikipedia på engelsk, den 11. juli 2008.