Icenarar
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Icenarane var ein keltisk stamme som levde i det som i dag er Norfolk i England frå ca. 1. århundre f.Kr. til 1. århundre e.Kr..
Dei blir nemnde av Tacitus, som i ca. 118 skreiv om hendingar i romersk Britannia i det 1. århundre. Han fortalte at dei i 43, då keisar Claudius invaderte dei britiske øyer, hjelpte romarane, og for dette blei lønna med at riket deira fikk fortsette som klientkongedømme.
I 61 gjorde dei opprør mot romarane. Det siste av dei to opprøra var det største og mest framgangsrike. Forhistoria var at herskaren i stammen, Prasutagus, prøvde å gi halve riket sitt til familien framfor å overlate det til romarane. Prokuratoren Catus Decianus tok heile området, og skal ha latt kona til Prasutagus, Boudicca til å bli piska og døtrene hans til å bli voldteke. Dette førte til at Boadicea samla ein stor hær og gjekk mot Camulodunum, som blei plyndra og brent. Ho utsette deretter Verulamium og Londinium for same behandling. Romarane klarte etter dette å slå icenarane på slagmarka ein stad uteafor London.
Etter at icenarane var slått blei riket deira gjort om til ein romersk administrativ eining, ein civitas. Administrasjonssenteret var Venta Icenorum, 2–3 km frå Arminghall, ved landsbyen Caistor St. Edmund omkring 8 km sør for dagens Norwich.
Fleire myntar slått av icenarane er funne. Fleire av dei har avbildingar av ein hest, eit dyr som truleg var viktig for stammen. Det er også funne fleire klaver, tunge ringar som er tvinna av gull, sølv eller elektrum og som blei båre rundt halsen.
- Denne artikkelen bygger på «Icenarar» frå Wikipedia på bokmål, den 23. mai 2008.