Ida Njåtun

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ida Njåtun


Statsborgarskap Noreg
Fødd 6. februar 1991 (33 år)
Bærum kommune
Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i

Vinter-OL 2014, Skeise-VM 2014 i firkamp

Ida Njåtun (fødd 6. februar 1991) er ein norsk tidlegare idrettsutøvar frå Bærum. Ho var særleg kjend som skøyteløpar, i sommarsesongen deltok ho litt i sykling. Høgdepunktet var tredjeplassen i Firkamp-VM 2015. Njåtun var medlem i Asker Skøyteklubb.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Njåtun slo gjennom med ein andreplass på 1500 meter i eit verdscupstemne i Berlin den 19. november 2010. I januar 2011 enda ho på åttandeplassen ved Europameisterskapen på skeiser 2011. Den 11. mars 2011 gjekk ho inn til sjetteplass på 1500 meter under verdsmeisterskapen på enkeltdistansar. Vinteren 2013 vart ho nummer 8 i europameisterskapen. Under dei olympiske leikane 2014 i Sotsji kneip Njåtun sjetteplassen på 1500 meter. Både i 2015 og 2016 la ho beslag på sjetteplassen ved europameisterskapen, i Minsk i 2016 vann ho 500-meteren. I 2017 var ho tilbake på plass nummer 8 i EM.

Njåtuns beste løp nokon gong kom då ho vann ein suveren siger på 1500 meter ved Skeise-VM 2015 i Calgary, der ho sette norsk rekord med 1.52,71. Samanlagt vart ho nummer 3 i verdsmeisterskapen, einast legendene Martina Sáblíková og Ireen Wüst var betre. Sjuandeplassen på 1500 m vart Njåtuns beste plassering under Vinter-OL 2018 i Pyeongchang.

Nasjonalt sikra Njåtun seg 31 gullmedaljar i noregsmeisterskap på skeiser.

Ho slutta med toppidrett i 2021

Kjelder[endre | endre wikiteksten]