Vinter-OL 2014
Vinter-OL 2014 er planlagd arrangert 7.—23. februar 2014 i Sotsji i Russland som dei 22. olympiske vinterleikane. IOC avgjorde dette 4. juli 2007 på eit møte i Guatemala by.
Søknader [endre]
Da søknadsfristen gjekk ut 28. juli 2005 hadde Almaty (Kasakhstan), Borjomi (Georgia), Jaca (Spania), Sofia (Bulgaria), Sotsji (Russland), Pyeongchang (Sør-Korea) og Salzburg (Austerrike) levert inn søknader. I tillegg hadde det vore diskutert i Noreg og Sverige om ein skulle søkje. I Noreg stod det mellom Lillehammer eller Tromsø. Førekjemparane for OL i Tromsø jobba spesielt hardt for å få til ein søknad, men regjeringa og Stortinget sa nei til statsstøtte til prosjektet.
Almaty, Borjomi, Jaca og Sofia vart eliminert av IOC 22. juni 2006. I «finalen» 4. juli 2007 rauk Salzburg ut i den første avrøystinga, slik at valet altså stod mellom Sotsji og Pyeongchang i omrøystinga. Det var Sotsji som tok sigeren.
Bakgrunnsstoff [endre]
- Pyeongchang 2014 - nettsida til førekjemparane for OL i Pyeongchang
- Salzburg 2014 - nettsida til førekjemparane for OL i Salzburg
- Tromsø 2018 - nettsida til førekjemparane for OL i Tromsø
- Almaty 2014 - nettsida til førekjemparane for OL i Almaty
- Borjomi 2014 - nettsida til førekjemparane for OL i Borjomi
- Jaca 2014 - nettsida til førekjemparane for OL i Jaca
- Sofia 2014 - nettsida til førekjemparane for OL i Sofia